Kudos / DFØ / Evaluering / 2012 / Noregs nasjonale ekspertar i Kommisjonen - Ein ressurs for Noreg, eller berre for EU?

Last ned som PDF
Forsiden av dokumentet Noregs nasjonale ekspertar i Kommisjonen - Ein ressurs for Noreg, eller berre for EU?

Evaluering

Noregs nasjonale ekspertar i Kommisjonen - Ein ressurs for Noreg, eller berre for EU? Difi-rapport 2012:1

Stortingsmelding 23 (2005-2006), Om gjennomføring av europapolitikken, framhevar kor viktig ordninga med nasjonale ekspertar er, og peikar på at ho er eit nyttig og sentralt verkemiddel i norsk europapolitikk. Dette inngår i synet på at tidleg innsats for å fremje norske synspunkt i avgjerdsprosessen i EU er sentralt for å lukkast med den politikken regjeringa legg opp til. Evalueringa har hatt som mål å skildre ordninga med nasjonale ekspertar i Kommisjonen. Dette inneber norsk deltaking og utviklinga over tid. Vidare har evalueringa sett på korleis dei rettleiande retningslinjene frå 2008 er følgde opp. Det blir gjort ein analyse av på kva måte nasjonale ekspertar fungerer som eit verkemiddel i norsk europapolitikk og kva faktorar som påverkar ordninga. Tidlegare arbeid viser at forvaltninga opplever EU/EØS-spørsmål som ein stadig større del av arbeidskvardagen. Denne rapporten søkjer derfor å medverke til vidareutvikling av det EU/EØS-retta arbeidet i forvaltninga.

Publisert

2012

Eier

DFØ

Utgiver

Difi

Utfører

Difi

Forfattere

Sanja Kostovska Skaar og Ellen Rønning- Arnesen

Språk

norsk

Tema

statlig forvaltning

Virkemidler

internasjonalt samarbeid

Analysekriterier

effektivitet treffsikkerhet