Statusrapport
Rapport om svangerskapsavbrot 2023
I 2023 vart det sendt inn 14 012 begjæringar om svangerskapsavbrot og utført 12 814 svangerskapsavbrot i Noreg. Dette er 805 (6,7 %) fleire utførte svangerskapsavbrot enn i 2022, og på line med talet på abortar utført i 2017 på 12 750 (Tabell 1). Det har vore ein jamn nedgang i aborttala sidan 2008. Vi ser no ein reell oppgang i talet på abortar ut over normaliseringa til nivået før Covid-19. Avbrotsraten har ein oppgang frå 9,9 i 2022 til 10,4 per 1 000 kvinner i fertil alder (15-49 år) i 2023 og er såleis stigande. Finnmark, Troms og Oslo er dei fylka med flest svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner; 16,1 i Finnmark, 12,8 i Troms og 12,6 i Oslo. Rogaland og Telemark er dei einaste fylka som har hatt ein nedgang i abortraten sin frå 8,1 til 7,8 i Rogaland og frå 9,3 til 8,6 i Telemark per 1000 kvinner i alderen 15-49 år frå 2022 til 2023. Dersom ein ser på avbrotsratene i dei store universitetsbyane så har Tromsø den høgste avbrotsraten på 12,7 per 1000 kvinner. Rogaland, Møre og Romsdal og Telemark hadde dei lågaste ratene for svangerskapsavbrot; med 7,8 per 1 000 kvinner i Rogaland 8,4 i Møre og Romsdal og 8,6 i Telemark (Tabell 2). Det er per i dag 8 av 15 fylke som har ein avbrotsrate på 10 eller meir per 1000 kvinner (15-49 år).