Studie
Forsøk med drone til miljøovervåking i innsjø I oktober 2013 vart det gjort forsøk med bruk av ein autonom farkost, glider, for miljøovervaking i innsjøen Hornindalsvatnet i Nordfjord. Slik farkost kan gjentekne gonger dykke til store djup og returnere til overflata og sende måledata til land. Kommunikasjon med glideren via satellitt fungerte bra, trass i høge fjell rundt vatnet. Glideren lot seg manøvrere til å dykke til berre nokre meter frå botnen før den snudde automatisk. Den innebygde funksjonen med å avbryte dykket og gå opp viss den kom nær botnen, fungerte også godt. Glideren vart operert i stasjonsmodus i ein periode ved at den gikk opp og ned på same stad fleire gonger. Den gjekk også opp og ned i transekt på langs av vatnet. Glideren hadde påmontert sensorar for temperatur, klorofyll, konduktivitet, oksygen og turbiditet. Måleteknisk fungerte farkosten like godt - eller betre enn konvensjonelle metodar, og den er vurdert som å representere ein framtidsretta og kostnadseffektiv metode innan miljøovervakinga i Norge.
Publisert
Eiere
Statsforvaltaren i Vestland og Miljødirektoratet
Utfører
Norsk institutt for vannforskning
Forfattere
Lars Golmen, Karsten Kvalsund og Erik M. Bruvik
Språk
norsk
Kilde
ISBN
9788257763886