Undersøking av arbeidet til styresmaktene med å førebyggje flaum- og skredfare
Den statlege kartlegginga av flaum- og skredfare er mangelfull. Mange kommunar er ikkje godt nok førebudde på faren for flaum og skred. Dei manglar kompetanse til å dra nytte av den statlege kartlegginga og manglar ofte kjennskap til det juridiske ansvaret dei har. Kommunar har plikt til å auke flaum- og skredkompetansen sin og statlege etatar må ta eit mykje større ansvar for at dette skjer.