Oppsummeringsrapport - Vurdering for læring
Rapporten er ein undervegsrapport frå kommunar som deltek i den nasjonale satsinga på Vurdering for læring. Det er særleg to tema som går igjen i rapportane, og det er variasjon og auka medvit. Eit gjennomgåande trekk i rapportane er at det er stor entusiasme og stort mangfald på vurderingsfeltet. Dei fleste av kommunane har organisert arbeidet med vurdering for læring i nettverk. Nettverka er sette saman på ulike måtar innafor og på tvers av einingar og nivå. I dei fleste regionane er satsinga organisert i nettverk som allereie eksisterer, og dei fleste av kommunane har gode erfaringar med å jobbe på denne måten. Dialogkonferansar, nettverk med rektorar og ressurspersonar er spesielt positivt.
Publisert
Eier
Utdanningsdirektoratet (Udir)
Utfører
Utdanningsdirektoratet (Udir)
Språk
Norsk (nynorsk)