Kor mykje nitrogengjødsel skal enga ha? Samanstilling av tidlegare forsøksresultat
Nitrogengjødsling (N-gjødsling) har sterk avlingsdrivande effekt i eng. I seinare tid har det vore ein diskusjon om gjødslingsnormene til eng er for låge, blant anna fordi råproteininnhaldet i surfôr er lågt ut frå det ein meiner bør vera i fôrrasjonen til mjølkeku. Data frå nyare forsøksseriar i eng, gjennomførte mellom 2004 og 2021, der N-gjødslingsnivå var med som forsøksfaktor, vart stilt saman og analysert statistisk. Det var skild mellom forsøk med to og tre slåttar. Maksimal årsavling var ved 31,1 kg N/daa for eng slått tre gonger, men det var ingen sikker forskjell i årsavlinga med gjødsling mellom 24 og 31,1 kg N/daa. Likeins var det maksimal avling ved 27 kg N/daa for eng slått to gonger årleg, men ingen sikker forskjell på årsavlinga med gjødsling mellom 15 og 27 kg N/daa. For eng gjødsla med 10 kg N frå husdyrgjødsel i forsøksperioden og slått tre gonger årleg, var det ingen sikker forskjell i gjødsling mellom 15 og 31,1 kg N/daa. Råproteinkonsentrasjonen i årsavlinga endra seg lite med aukande N-gjødsling ved nivå under 20 kg N/daa ved tre slåttar og 15 kg N/daa ved to slåttar årleg. Men når N-gjødsling auka ut over det som gav maksimal avling, var det sikker auke i råproteinkonsentrasjonen. Aukande N-gjødsling auka fiberinnhaldet (NDF) i årsavlinga, men hadde liten effekt på energiverdien (FEm). Innhaldet av vassløyselege karbohydrat minka med aukande N-gjødsling. Nitrogenavlinga og N-balansen auka lineært med N-gjødslinga. Konklusjonen er at det ikkje er noko grunn til å endre N-gjødslingsnormene i gjødslingshandboka til NIBIO
Publisert
Eier
NIBIO - Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio)
Forfattere
Håvard Steinshamn, Åsmund M. Kvifte og Marit Jørgensen
Språk
Norsk (nynorsk)