Prop. 67 L (2020–2021) Endringar i vallova (assistanse ved stemming)
Kommunal- og moderniseringsdepartementet foreslår ei endring i vallova som gjer at veljarar med psykiske eller fysiske funksjonsnedsettingar som treng hjelp til å stemme, sjølv kan peike ut ein hjelpar. Forslaget inneber at kravet om at ein valfunksjonær også skal vere med inn i valavlukket, blir oppheva. Departementet foreslår og ei endring i føresegna om plikta til å stå på liste ved stortingsval. Proposisjonen inneheld også eit forslag om at kommunane ikkje lenger treng å sende alle valkorta frå førehandsstemminga til fylkesvalstyret.
Publisert
Eier
Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD)
Utgiver
Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD)
Språk
Norsk (nynorsk)