Hopp til hovedinnhold
/
/

Start / Dokumenter / Rammeverket i korte trekk : ei rettleiing for språ...

Åpne PDF (åpnes i ny fane)
43 sider 0.85 MB
Forsiden av dokumentet Rammeverket i korte trekk : ei rettleiing for språklærarar
Veileder

Rammeverket i korte trekk : ei rettleiing for språklærarar ei rettleiing for språklærarar

Rammeverket er eit resultat av fleire tiårs arbeid i Europarådet og er omsett til meir enn 40 språk. Rammeverket presenterer det synet på språklæring, språkundervisning og vurdering av språkkompetanse som i dag ligg til grunn for dei nasjonale læreplanane i dei fleste europeiske land, kjenneteikn på måloppnåing og utarbeidinga av eksamenar og læremiddel i språk. Det overordna formålet med Rammeverket er å forbetre kvaliteten på kommunikasjonen mellom europearar med ulik språkleg og kulturell bakgrunn, mellom anna gjennom auka mobilitet og meir direkte kontakt, noko som i sin tur vil føre til meir forståing og tettare samarbeid mellom folk og nasjonar (Udir / Council of Europe, 2011:xiii). To hovudmål er å oppmuntre språkbrukarar til å reflektere over språkbruk, språklæring og språkundervisning og gjere det enklare for språklærarar og innlærarar å snakke om kompetansemål og korleis ein kan nå dei. Rammeverket fremjar fleirspråklegheit og stimulerer til refleksjon og erfaringsutveksling for alle som arbeider med å organisere språkundervisning, utvikle læreplanar og læremiddel eller fastsetje kriterium og kjenneteikn på måloppnåing i språkfag. Med Rammeverket har desse gruppene fått eit felles omgrepsapparat som gjer det lettare å diskutere språkkompetanse og språktileigning på tvers av landegrenser.

Publisert

Eiere

Høgskolen i Østfold (HiØ) og Utdanningsdirektoratet (Udir)

Forfattere

Birgitta Hellqvist og Eva Thue Vold

Språk

Norsk (nynorsk)