Pedagogikk, innovasjon og digital teknologi i utviklingsprosjekt i høgare utdanning Rapportserie Nr. 4:2021
Målet med rapporten er å formidle døme på digitalisering av undervisning og læring. I arbeidet med rapporten har vi analysert og oppsummert pedagogisk bruk av digital teknologi i ei rekkje utviklingsprosjekt i Diku si portefølje, og samanstilt kva som ser ut til å fungere godt og mindre godt. Ein gjennomgåande observasjon er at det ikkje er nok å «setje straum til papir». For at digitaliseringa skal bidra til kvalitetsutvikling er det avgjerande at dei digitale verktøya inngår i ei samstemt tilnærming, der den planlagde endringa blir pedagogisk grunngjeve. Slike døme viser fleire av prosjekta vi presenterer frå Dikus portefølje. Det er vårt håp at rapporten skal bidra med kunnskap og inspirasjon til arbeidet med å iverksette den nye strategien for digitalisering av UH-sektoren, som vert lagt fram våren 2021.
Publisert
Eier
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
Utgiver
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
Utfører
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
Forfattere
Ragnhild Tungesvik og Ane Landøy
Språk
Norsk (nynorsk)