Riksrevisjonsrapport
Riksrevisjonens undersøking av NAVs forvaltning av tilretteleggingsgarantien
Bakgrunnen for undersøkinga er at sysselsetjingsnivået for personar med nedsett funksjonsevne i ei årrekkje har vore lågt, sjølv om det lenge har vore eit mål å auke deltakinga i arbeidslivet blant personar med nedsett funksjonsevne. Tilretteleggingsgarantien skal gi personen og arbeidsgivaren tryggheit for at dei får den nødvendige hjelpa som nedsett funksjonsevne krev i den konkrete arbeidssituasjonen. Tilretteleggingsgarantien skal sørgje for eit koordinert tilbod frå arbeids- og velferdsetaten og for nødvendig oppfølging i samband med tilsetjing av personar med nedsett funksjonsevne. Målet med undersøkinga har vore å vurdere korleis tilretteleggingsgarantien blir brukt, og belyse tilhøve som kan forklare eventuelle variasjonar i bruken. Det har vidare vore eit mål å vurdere i kva grad ordninga blir følgd opp av overordna myndigheit. Undersøkinga omfattar perioden 2008–2012, med hovudvekt på 2010–2012.
Publisert
Eier
Riksrevisjonen
Språk
norsk (nynorsk)
Kilde
ISBN
978-82-8229-226-9