Forhåndsutredning
Kartlegging av artar og dataflyt for artsdata i Noreg – ei konseptutredning
For å redusere tapet av naturmangfald er vi avhengig av kunnskap om korleis artane fordeler seg i landskapet og korleis dette endrar seg over tid. For å framskaffe slik kunnskap er vi avhengig av å kartlegge artar og å ha eit system for dataflyt frå kartlegging i felt til bruk av data for forvalting og forsking. Miljødirektoratet og Artsdatabanken starta i 2022 arbeidet med ei konseptutredning for å utvikle ei fagleg plattform for artskartlegging og dataflyt for artsdata i Noreg. For å sikre forankring i både fagmiljø og blant viktige brukargrupper, vart arbeidet med konsep- tutredninga organisert med to faggrupper med ekspertar og ei referansegruppe med representantar for brukargruppene. Faggruppene er organisert etter to tema: artskartlegging og dataflyt. I arbeidet med konseptutredninga, har ein drøfta i kor stor grad ein skal detaljere beskrivingar av feltmetodikk. Variasjon mellom artar og ulike kartleggingsformål krev variasjon i kartleggingsme- todikk. Konseptutredninga vil ikkje kunne gi detaljerte svar på alle metodiske utfordringar, men gir eit metodisk rammeverk der fleire av elementa vil vere vesentlege bidrag til både å heve nivået og standardisere artskartlegging i Noreg.