Evaluering
Rømt oppdrettslaks i sjø og elv mengd og opphav
Fiskeridirektoratet, Kyst- og Havbruksavdelingen, har gjeve Rådgivende Biologer AS i oppdrag å vurdere tendensar i rømming av oppdrettslaks siden 1997, og om mogeleg svare på kor stor andel av den totale rømminga som blir rapportert. Det samla antalet laks som blir rapportert rømt blir kontinuerleg oppdatert og er tilgjengeleg på Fiskeridirektoratets heimeside. Innslaget av rømt oppdrettslaks i fisket i sjø og elv blir årleg overvaka av Norsk Institutt for Naturforvaltning (NINA) ved analyse av skjelprøvar frå laks fanga i kilenøter på kyssten og i fjordane og ved fiske i elvar i fiskesesongen, og også ved kartleggingsfiske i ein del elvar etter at den ordinære fiskesesongen er blitt avslutta. Resultata frå desse undersøkingane blir rapportert årleg i utredning for Direktoratet for Naturforvaltning, sist oppdatert i juni 2006 (Hansen m. fl. 2006, Utredning for DN 2006-3). Denne utredninga inneheld også informasjon om tidsutviklinga i samla produksjon av oppdrettslaks, årleg rapportert rømt oppdrettslaks (1993-2005), og berekna årleg fangst i antal av rømt oppdrettslaks og villaks etter 1980. Rådgivende Biologer AS har sidan 1999 organisert innsamling av og analysert skjelprøvar frå laksefisket i elvar i Sogn og Fjordane og Hordaland, og sidan 2000 også frå laks fanga i fire kilenøter i Sogn og Fjordane. Dette omfattande skjelprøvematerialet gav eit høve til å få ein meir detaljert oversikt om tidsutvikling og samansetting i innsiget av rømt oppdrettslaks enn det materialet som er innsamla på landsbasis.
Publisert
Eier
Fiskeridirektoratet
Utgiver
Fiskeridirektoratet
Utfører
Rådgivende Biologer AS
Forfattere
Harald Sægrov og Kurt Urdal
Språk
norsk (nynorsk)