Last ned som PDF

56 sider

7.36 MB

Forsiden av dokumentet Årsrapport Konkurransetilsynet 2023

Årsrapport

Årsrapport Konkurransetilsynet 2023

Konkurransetilsynet skal fremme konkurranse til fordel for forbrukarar og næringsliv, og det gjer vi gjennom handheving av konkurranselova, ein aktiv fusjonskontroll, og ved å vere eit kompetansesenter i konkurransefaglege spørsmål. Konkurransetilsynet skal stoppe oppkjøp og samanslåingar som vil gi betydeleg konkurranseskade og risiko for høgare prisar, i små så vel som store marknader. Vi jobbar så effektivt som mogleg for å gi raske avklaringar. I 2023 fekk vi inn 113 meldingar om føretakssamanslutningar. Av desse vart 108 avslutta innan 25 verkedagar. Vi stoppa ein fusjon i betongmarknaden der Ølen Betong/NCG ikkje fekk kjøpe Betongvarer i Kvinnherad. I tillegg vurderte vi grundig til fase II fire andre samanslåingar som til sist vart godkjende, deriblant saker som involverte store aktørar i banksektoren (Nordea-Danske Banks privatkundedel) og i marknaden for flytransport av passasjerar (Norwegian- Widerøe).

Publisert

Eier

Konkurransetilsynet

Mottaker

Nærings- og fiskeridepartementet