Årsrapport
Årsrapport Kystverket 2023
2023 vart eit godt år for sjøsikkerheit og framkome, til beste for sjøtransporten og kystsamfunna. Sterke leveransar både operativt og som fagetat prega Kystverket. Frå 2023 fekk Kystverket igjen ansvaret for dei statlege fiskerihamnene. Vi er i gang med ei kartlegging av vedlikehaldsbehovet på desse, samtidig som avhendinga av ikkje-næringsaktive fiskerihamner held fram. Ved årsskiftet har Kystverket ansvar for 371 statlege fiskerihamner. God innsats og fleksibilitet gjorde at vi også i fjor klarte å halde vedlikehaldet på navigasjonsinnretningane i sjakk, sjølv om auka kostnadar på materiell og tenester påverka operativ del. Arbeidet med omlegging til IALA-standard for sjømerking held fram. Med tilstrekkelege rammer vil vi kunne fullføre IALA-omlegginga innan utgangen av 2025.