Årsrapport
Årsrapport Distriktssenteret 2023
Distriktssenteret held fram med høg fagleg aktivitet og har stor etterspurnad etter kunnskapen og tenestene våre. Vi kan rapportere om høg måloppnåing innan dei fleste måla og oppdraga vi har. Vi arbeider mykje med kunnskapsutvikling, formidling og samarbeid med fylkeskommunar og nokre statsforvaltarar. I tillegg samarbeider vi ofte med Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) og med enkelte andre departement og etatar på fleire område. Merkur-programmet gjekk i 2023 rekordtidleg tom for ordinære støttemidlar, og saman med høg aktivitet i kompetanseprogrammet ser vi at programmet fyller eit stort behov i Distrikts-Noreg. Det er krevjande for butikkane når dei har behov for støtte og det ikkje er midlar att. Vi ventar også å gå tidleg tom for midlar i 2024.
Publisert
Eier
Distriktssenteret
Mottaker
Kommunal- og distriktsdepartementet