Last ned som PDF

126 sider

2.3 MB

Forsiden av dokumentet Årsrapport IMDi 2023

Årsrapport

Årsrapport IMDi 2023

2023 var nok eit år prega av høge innkomstar av fordrive frå Ukraina, med særleg høgt trykk på spreidd busetjing, og rask overgang til arbeid. I alt blei 33 701 vaksne og barn busette i ein norsk kommune i 2023. Den etablerte modellen vår for busetjing av flyktningar har vist seg å vere robust og fleksibel. At vi nok eit år har busett rekordmange personar, kjem ikkje minst av den fantastiske innsatsen i kommunane. Arbeid er den beste vegen til integrering i samfunnet. Vi veit at dei fleste nykomne innvandrarar er motiverte for og ønskjer å bli økonomisk sjølvstendige. Samtidig veit vi at det kan vere hindringar på vegen til ein første jobb. Derfor er det viktig med tett samarbeid mellom kommunen, NAV og arbeidsgivarar. Frå vår side har vi hatt ei sentral rolle med å utarbeide relevant rettleiingsmateriell og arrangere fysiske konferansar og samlingar om kvalifisering og arbeidsliv

Publisert

Eier

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet

Mottaker

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Kilde

www.imdi.no