Årsrapport
Årsrapport Patentstyret 2023
Immaterielle verdiar og rettar I 2023 har målretta arbeid for fleire gode rettar og betre bruk av immaterielle verdiar stått sentralt i arbeidet til Patentstyret. Samla fekk vi inn 18 700 søknader om immaterielle rettar. Heile 76 prosent av søknadene kom frå utanlandske søkjarar som ønskjer rettar i Noreg. Dette representerer ein samla nedgang i talet på søknader på 7,8 prosent frå året før. Nedgangen skriv seg først og fremst frå færre søknader på varemerkeområdet frå internasjonale søkjarar. Utviklinga i talet på søknader frå norske søkjarar i den same perioden er stabilt på patentområdet, varemerkesøknader auka med 6 prosent, og talet på designsøknader auka med 14 prosent. Vi tildelte 17 100 varemerke-, design- og patentrettar i 2023 – 3 prosent fleire enn i 2022. Vi ser også at det norske næringslivet i stadig større grad sikrar einerett til dei immaterielle verdiane sine internasjonalt. Dette er ein positiv trend for det norske næringslivet. Det er også gledeleg at vi i 2023 såg ein liten auke i prosentdelen kvinnelege oppfinnarar i norske patentsøknader – opp 1,8 prosent frå året før. Kvinnedelen er likevel på berre 6,7 prosent – til samanlikning er han på verdsbasis om lag 16 prosent. 5600 europeiske patent blei gjorde gjeldande i Noreg i 2023, mot 5200 i 2022. Heile 85 prosent av rettane som er i kraft i Noreg, er eigde av internasjonale rettshavarar. Dette er eit uttrykk for at den norske marknaden er attraktiv for det internasjonale næringslivet, samtidig som det gjev auka konkurranse. Forundersøkingar og «freedom to operate»-analysar Patentstyret har tilgang til databasar med IP- data frå heile verda. Saksbehandlarane våre har fagkompetanse innanfor ulike industriområde og kan søkje og setje saman desse dataa til verdifull informasjon for næringslivet. I 2023 har vi levert data og kunnskap rundt dette til både norske og kjende store internasjonale næringsaktørar. På denne måten støttar vi næringslivet med å spisse IP-strategiane deira og å auke den globale konkurransekrafta. Kunnskapsgap om IP i det norske næringslivet? Hausten 2023 gjennomførte Opinion ei bedriftsundersøking for Patentstyret. Føremålet var å forstå meir om kva kunnskap det norske næringslivet har om immaterielle verdiar, og undersøkinga viser at kjennskapen til Patentstyret og IP-miljøet i Noreg er låg. Rapporten gjev grunn til uro og peikar på eit svært stort behov for auka kunnskap om immaterielle verdiar og rettar i det norske næringslivet.