Statusrapport
Foreldrevurderinger og ny rammeplan Brukarundersøkingar før og etter implementeringa av ny rammeplan for barnehagen
Dette er ein undervegsrapport frå prosjektet «Evaluering av implementering av rammeplan for barnehagen». Rapporten er knytt til arbeidspakke 3: Forskjellar i kvalitet mellom barnehagar. Arbeidspakka er skal undersøka korleis foreldre vurderer kvaliteten på barnehagetilbodet – sentrale element i rammeplanen, føremål og innhald i barnehagen og samarbeid mellom foreldre og barnehage – før og etter implementeringa av den reviderte rammeplanen av 2017. Me nyttar Utdanningsdirektoratets foreldreundersøking kopla på barnehaganes statistikkinnrapportering frå åra 2016 til 2019. Analysane våre stadfestar at foreldre til barn i norske barnehagar i gjennomsnitt er særs fornøgde med alle aspekt ved tenesta, også dei som ny rammeplan kan vera venta å påverka. Me finn ikkje støtte for å seia at implementeringa av rammeplanen representerer ei substansiell endring i tilfredsheit. Designet på denne studien gjer det også vanskeleg å trekka slutningar om årsaksforhold. Enkelte faktorar på kommune- og barnehagenivå – som kommunestorleik, (privat) eigarform og kostpengar – har statistisk signifikante samband med den totale tilfredsheita, men desse sambanda endrar seg ikkje substansielt etter implementeringa. Analyser av varianskomposisjonen syner også at delen variasjon i tilfredsheit som kan forklarast på kommune- og barnehagenivå, ligg stabilt over alle undersøkingsåra – før og etter implementeringa.
Publisert
Eier
Utdanningsdirektoratet
Utfører
Norce Norwegian Research Centre As
Språk
norsk
Kilde
ISBN
9788284081458