Last ned som PDF

14 sider

2.3 MB

Forsiden av dokumentet Ulovleg hogst

Studie

Ulovleg hogst

Hovedpunkter • Rapporten viser at verdifull skog i Noreg blir hoggen ulovleg sjølv om vi har lovar som skal verne sårbar og viktig natur. • Sakane varierer frå ulovleg hogst av heile skogsområde, til hogst av einskilde eller eit fåtal tre. • Sjølv om mange av lovbrota isolert sett verkar lite inngripande, kan skadefølgjene samla sett vere alvorlege og irreversible. • Skogen vernar mot effektane av klimaendringar mellom anna ved å hindre flaum, erosjon og skred. Med meir ekstremvêr i vente kan ulovleg hogst få langt meir skadelege konsekvensar for samfunnet framover enn kva vi hittil har sett. • Brot på skogbrukslova kan innebere alvorleg miljøkriminalitet. Det er få meldingar og nær alle saker blir lagde bort, noko som indikerer at trug- selen for straff etter skogbrukslova er lite reell. • Kommunen er førsteinstans i den offentlege skogbruksforvaltninga og har ansvaret for å føre tilsyn med at avgjerdene i lova blir overhaldne. Når dei fleste meldingar etter skogbrukslova stammar frå naturvernorganisasjonar og privatpersonar, indikerer det at den offentlege forvaltninga av skog er svak og at mørketala er store. • Sjølv om talet på politimeldingar er lågt, er meldingar som kjem frå tilsyns- styresmakter og naturvernorganisasjonar ofte av god kvalitet. Det ligg mykje arbeid bak dei. At så mange saker blir lagt bort, kan leda til at endå færre melder saker til politiet. • Regelverket opplevast som kompleks, uoversiktleg og lite tilgjengeleg og lokale politidistrikt har ofte liten erfaring med å etterforske slike saker.

Publisert

Eier

Politi- og lensmannsetaten