Last ned som PDF

246 sider

6 MB

Forsiden av dokumentet Driftsgranskingar i jord- og skogbruk
Rekneskapsresultat 2022

Statusrapport

Driftsgranskingar i jord- og skogbruk Rekneskapsresultat 2022

Driftsgranskingane er eit forvaltningsoppdrag som NIBIO utfører for Landbruks- og matdepartementet. Den årlege undersøkinga viser status og utvikling for økonomien i landbruket og får fram verknadene av politikk og rammevilkår. Ho er såleis eit viktig verktøy for forvaltninga. Analysar av granskingsmaterialet gir dessutan grunnlag for rådgiving, forsking og undervisning. Den årlege statusrapporten vert utarbeidd med utgangspunkt i skatterekneskapane til eit representativt og tilfeldig utval av gardbrukarar frå heile landet. For 2022 deltok 908 driftseiningar. Av desse var 102 med i driftsgranskingane i skogbruket. Utanom skatterekneskapane har undersøkinga fleire datakjelder. Gardbrukarane som deltek gir opplysningar om areal, avlingar og arbeidsinnsats. Landbruksdirektoratet, TINE og Nortura bidreg med nyttige registerdata. Rekneskapsførarane har ei viktig rolle ved at dei sender inn rekneskapane til NIBIO. Medverknaden til alle desse samarbeidspartnarane er avgjerande for at NIBIO kan produsere driftsgranskingane

Publisert

Eier

Landbruks- og matdepartementet

Utfører

NIBIO - Norsk institutt for bioøkonomi

Språk

norsk (bokmål)

ISBN

9788217034629