Last ned som PDF

108 sider

1.94 MB

Forsiden av dokumentet Evaluering av Viking Sky-hendinga

Evaluering

Evaluering av Viking Sky-hendinga

Cruiseskipet Viking Sky fekk motorstans og kom i havsnaud på Hustadvika mellom Kristiansund og Molde 23. mars 2019. Skipet unngjekk så vidt å grunnstøyte, noko som kunne fått katastrofale konsekvensar. Det vart sett i gang eit omfattande redningsarbeid og evakuering av passasjerar med helikopter, som gjekk føre seg til morgonen dagen etter. Justis- og beredskapsdepartementet (JD) var leiardepartement under hendinga, og har gjeve Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i oppdrag å evaluere handteringa av hendinga. Evalueringa omfattar heile redningsaksjonen, inkludert maritim innsats og helikopterredning, evakuering av personar frå skipet og mottak og handtering av dei på land. Årsaka til at skipa (Viking Sky og fraktskipet Hagland Captain) kom i havsnaud og mannskapa si handtering av situasjonen, har ikkje inngått i oppdraget. Det same gjeld problemstillingar knytte til korleis reiarlaga varetok passasjerar og mannskap. Arbeidet har gått føre seg i dialog med Hovudredningssentralen i Sør-Noreg (HRS-SN), Fylkesmannen i Møre og Romsdal (FMMR), Møre og Romsdal politidistrikt / lokal redningssentral (LRS) og dei involverte kommunane. DSB har også henta informasjon og synspunkt frå andre som deltok i redningsarbeidet, blant anna Helse Møre og Romsdal helseføretak (HF), Sivilforsvaret og frivillige organisasjonar. Evalueringsarbeidet er basert på ulike metodar og kjelder, som gjennomgang av relevant dokumentasjon, møte/intervju med relevante deltakarar og ei spørjeundersøking. Ein sentral del av dokumentasjonen er aktørane sine eigne evalueringar, eventuelt presentasjonar av erfaringar. Evalueringsrapporten gjev størst merksemd til tema og problemstillingar som gjeld fleire aktørar, og særleg forholdet mellom desse og tverrsektorielle problemstillingar. Ein vellykka redningsaksjon og handtering av dei evakuerte Det er ei utbreidd oppfatning at redningsaksjonen i samband med Viking Sky-hendinga var vellykka, både evakueringa av passasjerane frå cruiseskipet og mottaket og handteringa av dei på land. Evakueringa gjekk føre seg under svært krevjande forhold, men skjedde utan ulykker eller skadar. Evalueringa stadfestar inntrykket av ein vellykka redningsaksjon, ein imponerande innsats og eit godt samvirke mellom dei ulike aktørane. Dette heng saman med at vi i Noreg har ei integrert redningsteneste der koordinering, leing og samvirke mellom aktørar og ressursar er det same, uavhengig av type hending (sjø, land eller luft). Dette legg til rette for ei rask etablering av eit omfattande redningssamvirke ved hendingar. Eit kjenneteikn ved handteringa var at aktørane fann fram til gode løysingar på dei aktuelle problemstillingane som oppstod, til dømes knytte til etableringa og drifta av mottakssenteret i Brynhallen. Ikkje alle løysingane var førebudde eller planlagde på førehand. Ein del av læringa går derfor ut på å i større grad systematisere eller planleggje slike løysingar.

Publisert

Eier

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Språk

norsk (nynorsk)

Kilde

www.dsb.no