Årsrapport
Årsrapport Brønnøysundregistrene 2022
2022 har vore eit år med stort tempo og gode resultat. Arbeidspresset har vore høgt på mange område, med tøffe fristar og krav. Likevel opplever vi at jobbmotivasjonen og trivselen hos dei tilsette er høg. Eg vil takke alle tilsette for ein imponerande innsats og stor fleksibilitet som gjer at vi leverer på samfunnsoppdraget. Vi må tenke, og jobbe, på nye måtar dersom vi også skal bidra til å nå berekraftsmåla i FN. Vi reviderte strategiplanen vår i 2022, og berekraft skal no vere styrande for alle avgjerdene våre. Dei nye retningslinjene våre for berekraft skal hjelpe oss i rett retning. I 2022 har vi ikkje innfridd på alle måla om saksbehandlingstid i registera våre. For lang saksbehandlingstid i Einingsregisteret og Føretaksregisteret kan føre til økonomiske konsekvensar for brukarane, og det samfunnsøkonomiske tapet er stort. Det gjer at vi prioriterer saksbehandling enda høgare framover. Samtidig er det lyspunkt – vi har auka den heilautomatiske saksbehandlinga i Lausøyreregisteret og Rekneskapsregisteret, og dermed redusert saksbehandlingstida for desse. Heilautomatiseringa skjer gjennom det store moderniseringsløftet vi gjer med BRsys-prosjektet. Kriteria vi prioriterer etter i prosjektet, er høvesvis kostnad, kvalitet og tid. Dessverre har vi ikkje levert i samsvar med tidsplanane for prosjektet, men året blei avslutta med produksjonssetting av tenesta salspant og leasing på den nye registerplattforma. Den nye løysinga har høg kvalitet og reduserer saksbehandlingstida frå 4 døgn til 8 sekund. Vidareføringa av BRsys-prosjektet vil også ha ein positiv effekt på saksbehandlingstida for fleire register. Digital tilgjengeleggjering forenklar og effektiviserer, og fører til at både næringsliv og offentleg sektor sparer kostnader. Årsstatistikken vår viser ein vesentleg vekst i digital tilgjengeleggjering. Med vel hundre oppslag i sekundet, er det ei fordobling frå 2021. Det er tinglyst verdiar for 30 billionar i Lausøyreregisteret, og vi behandla over 3,1 millionar saker hos oss i 2022. Nytten Lausøyreregisteret skapte for samfunnet i 2022 er berekna til om lag 500 milliardar kroner. Og Brønnøysundregistera betalte ut 8,1 milliardar kroner til om lag 14 000 norske bedrifter i løpet av året, i samband med kompensasjonsordningane til næringslivet som følge av koronapandemien.