Årsrapport
Årsrapport Universitetet i Stavanger 2023
Styret er godt nøgd med innsatsen som er lagt ned frå både studentar og tilsette gjennom eit krevjande år med trongare tider og økonomisk omstilling. Som eit resultat av høg aktivitetsvekst gjennom fleire år opplever universitetet eit aukande press innan bygg og infrastruktur. Ein langsiktig, institusjonell investeringsplan er utarbeidd for bygg og infrastruktur, med ein tidshorisont fram mot 2030, men endra økonomiske rammevilkår har lagt klåre avgrensingar for prioritering av tiltak i revidert investeringsplan. Styret meiner at etablering av ein energisentral på campus er eit nødvendig infrastrukturtiltak og eit viktig bidrag til energieffektiviseringa ved UiS, med medvit om at prosjektet fortrenger andre prosjekt i den institusjonelle planen. Styret er opptatt av at strammare økonomiske rammer framover vil sette trongare rammer for årlege investeringar.