Last ned som PDF

132 sider

2.16 MB

Forsiden av dokumentet Årsrapport Statsforvalteren i Oslo og Viken 2023

Årsrapport

Årsrapport Statsforvalteren i Oslo og Viken 2023

I 2023 vart det for fyrste gang registrert over to millionar innbyggarar i Oslo og Viken. Med 7500 busette flyktningar, mange frå Ukraina, er krigen kome veldig nær også for oss. Mykje av arbeidet i dei 52 kommunane våre og i embetet, har vore prega av dette. I kommunane er det enno stor vilje til å busetta flyktningane, sjølv om det er blitt vanskelegare å skaffe eigna husvære. Kommunane arbeider godt med å gi gode tenester og det fortener dei stor ros for. Kommunedialogen er omfattande og god. Vi opplever ei stor auke i førespurnader og problemstillingar på sosialområdet som følge av flyktningsituasjonen, auka levekostnader og ei ytterlegare forverra livssituasjon for dei som strevde frå før. Ekstrem tørke på forsommaren blei avløyst av ekstremvêret "Hans" i august, med ras, store skadar på infrastruktur, jordbruksareal og skogbruket sitt vegnett. Spesielt ramma dette kommunane øvst i Hallingdal. Vår samordningsrolle vart godt mottatt av kommunane. Etterarbeidet både for oss og kommunane har vore krevjande, og vi er enno ikkje heilt i mål. Heilskapleg plan for Oslofjorden skal følgjast opp med strengare krav til tiltak. Innføring av reinsing av nitrogen i avlaupssektoren er i gang. Vi har auka bruken av motsegn til planar for utbygging der avlaupsanlegga ikkje er i tråd med regelverket. Det skaper ein del frustrasjon i kommunane, men må gjerast likevel. Det hastar med å gjera forholda betre for villreinen, og vi har levert eit forslag med kraftfulle tiltak som vil sikra at tilstanden til villreinen på Hardangervidda blir betre. At Østmarka nasjonalpark og friluftslivsområde blei oppretta, sikrar viktige areal for framtidige generasjonar i det området i landet med flest folk. Trus- og livssynssamfunnsakene har også i 2023 fått mykje merksemd. Saka om å nekte Jehovas Vitner statstilskot, og heller ikkje registrera dei som trussamfunn etter gjeldande trussamfunnslov har vore i rettsapparatet i 2023, og held fram i 2024. Blant alle våre oppdrag har hovudprioriteringa vore saker som gjeld rettstryggleik for enkeltindivid, særleg born og unge. På helseområdet opplever vi framleis ein stor auke i talet på saker som kjem inn, og dette er ei utvikling som bekymrar oss. Vi ser særleg stor auke i klagar i spesialisthelsetenesta, og klagar på tvangsbehandling i psykiatrien. Verjemålsfeltet er etter vår meining kraftig underfinansiert. Dette går ut over rettstryggleiken til svært sårbare personar; både vaksne med bistandsbehov, norske mindreårige og einslege mindreårige asylsøkarar og flyktningar. Vi klarer ikkje å levera gode nok tenester på verjemålsfeltet, og det er vi svært lei oss for. Situasjonen med omfattande brot på Bufetats bistandsplikt i barnevernssaker har halde fram gjennom året. Vi erfarer at dei iverksette nasjonale tiltaka førebels ikkje å ha tilstrekkeleg effekt, og vi får stadig nye klager frå kommunane. Det er svært bekymringsfullt at born og ungdom i utsette situasjonar ikkje får rett hjelp til rett tid frå statleg barnevern. Vi leverer betre og betre på dei samla oppdraga, men det betyr ikkje at restansane våre går ned. Parallelt med at vi leverer betre, aukar dei innkomne sakene innanfor alle våre ansvarsområde. Til dømes har talet på meldingar i handhevingsordninga for skulemiljøsaker auka med 70 % samanlikna med 2022 og 135 % samanlikna med 2021. Dette viser klart kor viktig vår rolle er som rettstryggleiksgarantist for befolkninga. Det er viktig for meg å understreka at vi opplever at mange klage- og tilsynsordningar ikkje er berekraftige slik dei er organiserte i dag. Vi må nok trappa ned innsatsen på enkelte områder dersom ressurstilgangen ikkje blir betre enn den er i dag. Til trass for endringsvilje og evne, fokus på effektivisering og endra arbeidsmetodar og prosessar, kan vi ikkje konkludera med at vi oppfyller alle forventingane til oss, dessverre. Den forventa avgjerda om statsforvaltarstrukturen kom ikkje i 2023, og det har ført til ein energilekkasje i organisasjonen, og uroa rundt dette emne har påverka den totale oppgåveløysinga og arbeidsmiljøet. Vi disponerte den økonomiske tildelinga vi fekk for 2023 med eit lite meirforbruk. I stor grad skuldast dette endra prognosar frå Statens pensjonskasse. Sjukefråværet var i år på 6 prosent, og det systematiske arbeidet for å få sjukefråværet ytterlegare ned, held fram. Turnover har vore ein stor risiko og medført store kostnader for embetet, men heldigvis viser det ein nedgang til 9 prosent. Gjennom tillitsbasert og open leiing og styring lukkast vi stadig betre med å harmonisera saksbehandlinga vår og sikra tverrfagleg og heilskapleg tilnærming til oppdraga våre. Eit særleg fokusområde i 2023 har vore å sjå oppgåver på tvers av sektorar og koble rettstryggleiksoppgåver og utviklingsoppgåver. Statsborgarseremonien i år vart eit flott arrangement med 6500 nye statsborgarar i Oslo spektrum. Og det er med stor glede eg følgjer Kongehuset ved deira besøk i fylket. Dette året har det vore 14 slike hendingar. Avslutningsvis vil eg, i mi siste årsmelding som statsforvaltar for Oslo og Viken, retta ein stor takk til alle tilsette, som kvar dag leverer avgjerder og rettleiing av høg fagleg kvalitet, og med stort engasjement. Eg vil og løfta fram ein god dialog og positiv medverknad frå dei tillitsvalde og vernetenesta. I eit år med uro og der alle venta på eit svar om statsforvaltarens geografiske inndeling, står det stor respekt for den innsatsen.

Publisert

Eier

Statsforvalteren i Østfold, Buskerd, Oslo og Akershus

Mottaker

Kommunal- og distriktsdepartementet