Last ned som PDF

148 sider

9.31 MB

Forsiden av dokumentet Årsrapport Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse 2023

Årsrapport

Årsrapport Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse 2023

Samfunnsutviklinga har prega HK-dirs prioriteringar 2023 har vore eit travelt år for HK-dir. Vårt arbeid og våre prioriteringar har vore prega av den geopolitiske situasjonen, rekordhøg knappheit på kompetent arbeidskraft og den akselererande teknologisk utviklinga, særleg innan kunstig intelligens. Stor auke i talet på innvandrarar som fekk norskopplæring og dokumentert kompetansen sin I 2022 og 2023 tok Noreg imot fleire flykt- ningar og fordrivne frå Ukraina enn nokon gong tidlegare i historia. Samstundes var knappheita på arbeidskraft og kompetanse rekordhøg. Tilstrøyminga av ukrainske flykt- ningar, saman med eit tydeleg politisk mål om at dei skal komme raskt i arbeid, har ført til eit betydeleg kapasitetspress på HK-dir sine verkemiddel, som norskopplæring, norskprøvar, karriererettleiing og godkjenning av utanlandsk utdanning. I 2023 medverka HK-dir til at rekordmange flyktningar og andre innvandrarar fekk norskopplæring og fekk dokumentert kom- petansen sin med norskprøvar. Talet på avlagde norskprøvar for innvandrarar auka med 22 prosent frå året før. Mot slutten av 2023 starta vi arbeidet med få utvikla ei heilt ny digital og fleksibel norskopplæring, som våren 2024 vil gjere det enklare for flyktnin- gane å gå raskt ut i jobb samstundes som dei held fram å lære norsk. Det vil også hjelpe vaksenopplæringa i kommunane, som opplevde eit stort press. Auka tilstrøyming medverka også til ein kraftig auke i flyktningar og innvandrar som ønskte å få godkjent utdanninga si frå utlandet, og over 10 600 personar fekk godkjent si utdan- ning. Ansvaret for godkjenning av utanlandsk utdanning vart overført frå NOKUT til oss frå 1. januar 2023. Vi har handtert både omstillings- prosessen og den auka saksmengda, sjølv om den store tilstrøyminga gjer at saksbe- handlingstida er lenger enn vi ønskjer. Internasjonalt samarbeid i ei meir utrygg verd Den nye internasjonale tryggleikssituasjonen prega også arbeidet vårt i universitets- og høgskulesektoren. Dei nasjonale risiko- og trusselvurderingane peika på kunnskaps- sektoren som eit viktig mål for utanlandsk etterretning og påverknad. Universitet og høgskular må på ein heilt ny måte sikre seg at nasjonale interesser vert tatt vare på. Samstundes er det meir nødvendig enn nokon gong å samarbeide internasjonalt for å løyse klimautfordringane og andre samfunnsutfordringar. I 2023 bygde direkto- ratet opp eit operativt fagmiljø for tryggleik og beredskap som kartla institusjonane sitt arbeid på området, og vi har utarbeidd grunnlag for departementet si styring på området. Vi utarbeidde også Retningslinjer for ansvar- leg internasjonalt samarbeid. Retningslinjene skal hjelpe universiteta og høgskulane til å manøvrere meir trygt når dei samarbeidar internasjonalt. Dei er blitt godt mottatt i sek- toren og av tryggleiksstyresmaktene

Publisert

Eier

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse

Mottaker

Kunnskapsdepartementet

Kilde

hkdir.no