Last ned som PDF

17 sider

0.38 MB

Forsiden av dokumentet Rapport om økonomiske misleghaldssaker osb. i 2023

Statusrapport

Rapport om økonomiske misleghaldssaker osb. i 2023

Utanriksdepartementet har nulltoleranse for økonomisk misleghald og anna misbruk av midlane til departementet. Dette gjeld både driftsmidlar og tilskotsmidlar. Denne rapporten behandlar økonomisk misleghald av tilskotsmidlar i bistanden. Nulltoleranse tyder at det skal reagerast på alle avvik frå dei føresetnadene som er fastsette for bruken av offentlege midlar. Dette kan òg gjelde avvik i form av manglande oppfølging av mistanke om seksuell utnytting, misbruk eller trakassering (SEAH), sjå punkt 4.4. Prinsippet gjeld for alle tilsette i utanrikstenesta, vare- og tenesteleverandørar og organisasjonar, og andre som forvaltar pengar som er tildelte frå Utanriksdepartementet. Prinsippet om nulltoleranse for økonomisk misleghald gjeld òg for bruk og forvalting av midlar som Utanriksdepartementet har delegert gjennom tildelingsbrev eller på annan måte til andre aktørar, mellom anna til underliggjande etatar som Norad og Norec, og tilskot som Norfund har gjeve.

Publisert

Eier

Utenriksdepartementet

Språk

norsk