Last ned som PDF

38 sider

4.16 MB

Forsiden av dokumentet Årsrapport Nasjonalbiblioteket 2023

Årsrapport

Årsrapport Nasjonalbiblioteket 2023

Alt me har rundt oss, ser ut til å kunne digitaliserast. Arbeidsprosessar, kommunikasjon, oppgåveløysing, sosial omgang, ja, sjølv tenkinga freistar me no å få maskinane til å gjere for oss. Det er noko umenneskeleg med denne utviklinga. Det skremmer mange av oss, og det skapar store diskusjo- nar om kor grensene skal gå mellom maskinane og men- neska sine domene. Seinast no i byrjinga av 2024 går diskusjonane i heile Noreg om kor mykje plass mobilte- lefonar, digitale verktøy og kunstig intelligens skal ha i skulen. Me er i ferd med å få eit kritisk blikk på baksida av det teknologiske framsteget. Men det er nokre sider ved digitaliseringa som utvil- samt er eit gode, og ikkje berre eit gode, men som gjer samfunnet meir menneskeleg, eller humant. Eit godt døme er tilgangen på litteratur for dei som treng til- rettelegging for å kunna lesa eller konsumere tekst. Gjennom lydbøker, talesyntesar, digital distribusjon og digitale punktskrift-keyboard får no langt fleire mog- legheita til å lese bøker, skrive, få tilgang til nyhende og pensumlitteratur. Det er ei udelt positiv utvikling der digitaliseringa gjer at bibliotektilbodet til ei stor gruppe i Noreg har vorte mykje betre. Fram til 2023 har ansvaret for slike tenester kome frå Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek som har vore ein eigen organi- sasjon heilt frå han blei skipa av Blindeforbundet. Frå 1. juli 2023 vart denne organisasjonen og denne tenesta ein del av Nasjonalbiblioteket.

Publisert

Eier

Nasjonalbiblioteket

Mottaker

Kultur- og likestillingsdepartementet

Kilde

www.nb.no