Årsrapport
Årsrapport Statsforvalteren i Møre og Romsdal 2023
I 2023 har også samfunnstryggleik og beredskap måtte vore høgt på agendaen. Russland sin invasjon av Ukraina i 2022, og Israels sin invasjon av Gaza i 2023, gir store ringverknader i verdssamfunnet. Kommunane i Møre og Romsdal har teke i mot i 2.731 flyktningar, kor av 892 born. For 2024 har IMDI anmoda våre kommunar om å busette 2800 flyktningar. Regionalt totalforsvarsmøte Saman med SFTR har vi gjennom mange år arrangert regionale totalforsvarsmøter. Annakvart år i Trøndelag og i Møre og Romsdal. Med krig i Ukraina, store flyktningestrømmar, og dei utfordringane som kommunane står i som følge av dette, så var det mykje å diskutere. Også erfaringane med uværet HANS og bruk av nødvarsel til innbyggjarane var viktige læringspunkt. Forsvarets sjefskurs og ringverknadar Hausten 2023 fekk eg delta på Forsvarets sjefskurs. Det var særs nyttig og relevant. Vi må forstå vår tid, og meir enn nokon gong treng vi å vere budd på å handtere uønska hendingar. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal vil derfor arrangere eit lokalt totalberedskapskurs i tett samarbeid med Politiet og Forsvaret. Målgruppa er toppleiarar i offentleg og privat sektor, og kurset går over ei veke i mai. Meir om opplegget og effekten av kurset kjem vi tilbake til i neste årsrapport. Kommunebilde og kommunebesøk Det er bestemt at kommunebilde skal brukast som verkty i kommunedialogen. Etter ein litt treg internt start i 2022, fekk vi opp farten og den systematiske jobbinga med kommunebilda i 2023. Vi besøkte 6 kommunar i fjor etter dette opplegget, der vi møtte både formannskap og administrativ leiing. Tilbakemeldingane er gode frå deltakarane. Kommuneøkonomi Økonomien i kommunane i Møre og Romsdal er fortsatt prega av at mange har høg gjeld og har lite reservar på disposisjonsfond. Renteauka dei det siste året har gitt ekstra store utfordringar for dei som hadde lån med flytande rente i marknaden. Pr. 31.12.2023 hadde vi to ROBEK-kommunar. I skrivande stund er ein av dei allereie meldt ut. Det er mogleg at den siste kommunene på ROBEk også kan bli meldt ut, når rekneskapen for 2023 er godkjent i kommunestyret til våren. Det blir i så fall ein milepæl i Møre og Romsdal. Sidan ROBEK registeret vart oppretta i 2001, har vi alltid hatt kommunar på ROBEK. Men vi må ile til å skrive at dette nok er kortvarig. Om ikkje kommunane greier å gjere store omstillingar, så havnar nok fleire igjen på ROBEK. Kommunedeling - grensejustering Som einaste kommune i landet, måtte storkommunen Ålesund gå i gang med ei kommunedeling på bakgrunn av Stortingsvedtaket frå 14. juni 2022. Statsforvaltaren har hatt jevn og tett dialog med kommunen undervegs i arbeidet, og var også tett på opp mot regjeringa når det gjaldt å få dekt ekstrautgifter knytt til alt arbeid med deling. I tillegg kom det eit initiativ til grensejustering frå innbyggarane på øya Ona i Ålesund. Dei meiner dei er romsdalingar, og vil høyre til Aukra kommune. Saka er oversendt til KDD for avgjer om ei utgreiing skal starte. Nyttårskonferanse og KlimaSNU pris I Møre og Romsdal er Statsforvalteren medarrangør av nyttårskonferansen kvart år. Saman med Fylkeskommune, KS og NAV. Ein viktig møteplass for toppleiarar i offentleg sektor. Ordførarar, kommunedirektørar og toppleiarar frå statlege verksomheiter i Møre og Romsdal. Her blir også statsforvaltaren sin KLIMASNU pris delt ut, for å vise fram dei som gjer tiltak som verkeleg monnar for å redusere klimautslepp og auke samfunnet si berekraft. Bedrifta Norinsect i Stordal vann Klimasnuprisen for 2023. Norinsect brukar avfall frå matproduksjon på Stranda til å produsere mjølbillelarver som går til fôr til laks og kylling. Kulturlandskapsprisen Eit av Statsforvaltaren sine oppdrag er årleg å fremme kandidatar til nasjonal kulturlandskapspris. Sidan 2001 har vi delt ut ein kulturlandskapspris i fylket, som vert nominert til den nasjonale prisen. Vinnaren får eit kunstverk og gåvesum på kr 10 000. Prisen vert delt ut heime hos prisvinnaren, for god synleggjering av arbeidet som er gjort for kulturlandskapet. Årets vinnar var Egil Kvalsund i Herøy. Han er ei drivande kraft for villsau- og beitenæringa på øyane på Ytre Sunnmøre, og er også ein viktig bidragsytar innan skjøtsel og forsking på kystlynghei.
Publisert
Eier
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Mottaker
Kommunal- og distriktsdepartementet