Årsrapport
Årsrapport Statsforvaltaren i Vestland 2023
Også 2023 var eit annleis år enn normalen. Viktigast er at vi merkar følgjene av Russlands krig mot Ukraina. Framleis kjem det mange flyktningar frå Ukraina. I kommunane er det enno stor vilje til å busetje dei og gi gode tenester, og det fortener dei stor ros for. Men det blir vanskelegare. Hardt pressa kommunale tenester skal handtere flyktningane som kjem. Særskilt i helse- og omsorgssektoren, som har vore hardast råka av pandemien, er det stor slitasje. Hittil har kommunane klart å skaffe hus for å busetje flyktningane, men vi nærmar oss eit punkt der det er vanskeleg å finne gode bustader til dei nye som kjem, eller bustadene ligg langt frå tenestetilbod og utan gode bussamband. Vidare ser vi at flyktningane fortrengjer andre som treng bustad og velferdstenester. Vi ser med stor uro på langsiktige følgjer av presset på dei kommunale tenestene. Ei anna følgje av krigen er at vi må ta inn over oss er at verdsordenen er endra som følgje av Russlands handlingar. Dei grundige rapportane frå Forsvarskommisjonen og Totalberedskapskommisjonen har sett ord på kva vi må førebu oss på framover. Statsforvaltarane er klare til å ta dei oppgåvene som Stortinget vil gi oss i den samanhengen. Erfaringa har vist at den avgjerande faktoren i krisehandtering, er deling av oppdatert, relevant og samordna informasjon med alle aktørane som må handtere krisa. Og aktørane må handle ut frå at kommunane alltid er i første linje for å handtere dei lokale følgjene av ei krise. Dersom informasjonsflyten frå departement og direktorat er mangelfull og ikkje samordna, fører det til stor frustrasjon og dårleg handtering i kommunane. I informasjonsflyten er statsforvaltarane eit naudsynt bindeledd. Vi kan både sikre at informasjonen kjem fram til kommunane, og rettleie slik at kommunane forstår og omset informasjonen til praktisk handtering. Vi kan også melde tilbake til den sentrale staten om problemstillingar som ikkje er tenkte gjennom. Også i 2023 har vi i hovudsak utført embetsoppdraga med akseptable eller gode resultat på ulike fagområde. Likevel nådde vi på nokre område resultatmåla i lågare grad enn vi ønskte, i form av talet på saker handtert. Hovudgrunnane er auke i saksmengd og i vanskegrad, saman med flytteprosessen i Bergen (sjå under) og høgt sjukefråvær på 7 prosent (ned frå 8,2 prosent året før). I 2023 har vi brukt mykje tid og krefter på å flytte til nye lokale for den største kontorstaden vår i Bergen, der vi har gått over til lokale med opne kontorlandskap utan faste plassar. Mange arbeidstimar har gått med til smått og stort i flytteprosessen. Samstundes har vi hatt store direkte utgifter til rydding av lokale vi var i, til sjølve flyttinga og til kjøp av møblar og utstyr. I alt reknar vi med at flyttinga har kosta om lag 13,5 mill. kroner i direkte utgifter i 2023. Den endelege rekninga for lokalet vi flyttar frå, kjem først i 2024. Vi er takksame for den støtta vi fekk frå Kommunal- og distriktsdepartementet med 6,7 mill. kroner til flyttinga. Vi enda med eit økonomisk resultat på 117 000 kroner i underskot i 2023. I tillegg hadde vi eit underskot på verjemålsområdet med 3,9 mill. kroner, fordi vi ikkje klarte å ta ned med nok stillingar i 2023. Vi hadde med oss 7,93 mill. kroner i overskot frå året før, og gjekk difor isolert sett med eit kraftig underskot. Hovudgrunnen er, som nemnt, flyttinga til nye lokale i Bergen. I og med at den totale løyvinga er redusert og vi ikkje vart ferdige med alle utflyttingskostnadene, blir 2024 eit krevjande økonomisk år.
Publisert
Eier
Statsforvaltaren i Vestland
Mottaker
Kommunal- og distriktsdepartementet