Last ned som PDF

71 sider

1.17 MB

Forsiden av dokumentet Vurdering av velferdsordningane i jordbruket

Evaluering

Vurdering av velferdsordningane i jordbruket RAPPORT FRÅ PARTSSAMANSETT ARBEIDSGRUPPE TIL JORDBRUKSOPPGJERET 2024 – RAPPORT LEVERT 13.3.2024

Samandrag: Oppdrag og organisering I jordbruksoppgjeret 2023 vart det sett ned ei partsamansett arbeidsgruppe som skulle gå gjennom nokre spørsmål knytt til velferdsordningane i jordbruksavtalen. Arbeidsgruppa har vore sett saman av representantar frå avtalepartane, og leia av Landbruks- og matdepartementet. Landbruksdirektoratet har vore sekretariat for utgreiinga. I tråd med mandatet har ein mellom anna kartlagt og vurdert samordninga mellom tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. og Nav sine ytingar, avgrensingar i kven som kan vere avløysar og tidsavgrensingar ved tilskotet, samt tilstrekkeleg landbruksvikarberedskap tilgjengeleg og tilgangen på avløysarar og landbruksvikarar. Arbeidsgruppa har ikkje gått gjennom ordningane i heilskap, men vurdert sentrale tema i ordningane. Ordningane tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. og landbruksvikarordninga er gitt mest merksemd. Tilskot til avløysing har blitt omtala som ledd i vurderinga av tilgang på avløysarar og landbruksvikarar. Velferdsordningane i jordbruket Velferdsordningane i jordbruket består av til saman fem tilskotsordningar. Desse ordningane er tilskot til avløysing, tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv., landbruksvikarordninga, sjukepengeordninga og tilskot til tidlegpensjon. Dei to avløysarordningane skal saman bidra til å dekke kostnader til arbeidshjelp mellom anna ved sjukdom mv. Tilskotsordningane bidreg til finansiering av bruk av avløysarar, medan avløysarlaga gjennom beredskapsordninga pliktar å stille med landbruksvikar ved akutt skade og sjukdom. Ordningane har betydning for likestilling, rekruttering av nye utøvarar til jordbruket og er viktige for dei som er aktive bønder. Tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. har sidan ordninga vart oppretta i 1976 blitt sett i samanheng med bonden sin samla økonomiske situasjon. Etter tabell 9.3 i jordbruksavtalen blir det utmålt tilskot etter det lågaste av to alternativ. Etter alternativ éin blir tilskotet rekna ut etter produksjonsomfanget hos det einskilde jordbruksføretak. Etter alternativ to blir tilskotet rekna ut etter høgaste maksimale dagsats for avløysartilskotet, men samordna med ytingar frå Nav og løn ved at dei blir trekt frå berekna tilskotsgrunnlag. Bønder som ikkje har lønsinntekt ved sidan av næringsinntekt, får ikkje avkorta tilskot dei første 16 dagane. At ytingar frå Nav kjem til fråtrekk i tilskotsutmålinga gjer at dei med lønsinntekt kan få mindre i tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. enn dei utan anna inntektsgrunnlag enn næringsinntekt frå jordbruksføretaket, særleg gjeld dette dei 16 første dagane. Arbeidsgruppa har gjennom arbeidet med rapporten vore i kontakt med Nav og har fått oppklart at tilskotet ikkje har innverknad på Nav si utmåling av sjukepengar. Dette i motsetning til opplysningar lagt til grunn i tidlegare rapportar om at dersom ikkje tilskotsmyndigheit gjennomførte slik samordning, så ville Nav gjere dette. Nav har også opplyst at dei er i prosess med å vidareutvikle søknadssystemet og prosedyren for sjukepengar til sjølvstendig næringsdrivande. Arbeidsgruppa sine vurderingar Arbeidsgruppa har gitt si vurdering av landbruksvikarordninga og tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. med omsyn til å gjere ordninga enklare å nytte seg av og måla med ordninga. Arbeidsgruppa har ikkje kome med konkrete tilrådingar, men har gitt si evaluering av dei vurderingstema som er gitt i mandatet. Vurderingane har hatt som siktemål å gi eit oversyn over fordelar og ulemper ved eventuelle endringar i ordningane. Å ikkje gjere ordningane meir komplisert har vore viktig for arbeidsgruppa, sidan særleg tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. allereie opplevast som komplisert både for søkar og sakshandsamar. Sidan dette er tilskotsordningar som skal sikre velferd og fordi andre sjølvstendige næringsdrivande ikkje har tilsvarande ordningar, må det vere eit fagleg godt grunnlag for desse særordningane for å sikre legitimiteten. 6 Arbeidsgruppa har også sett på kva provenyeffektar eventuelle endringar kan få. Det er ikkje gjort utrekningar på kor mange som potensielt kan kome inn under ordninga dersom samordninga endrast. Arbeidsgruppa peiker på at dette vil påverke provenyet. Provenya som er gitt i rapporten seier likevel noko om omfang av potensielle endringar. Vurderingar av tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel Arbeidsgruppa har vurdert høvet for å endre føremålsføresegna i ordninga både generelt og spesifikt i lys av dyrevelferd. Endringar i føremålet aleine vil truleg ha avgrensa effekt på kven som får tilskotet og korleis det blir utmålt. Om ein ønsker å oppnå konkrete mål, til dømes betre dyrevelferd, kan andre verkemiddel vere betre eigna. Arbeidsgruppa har også vurdert samordninga som eit eige punkt i rapporten. Det er vurdert fire ulike alternativ for samordninga: - Vidareføring av dagens samordning - Fjerning av samordning med lønsinntekt og ytingar for løn mv. - Fjerning av samordning med lønsinntekt og ytingar for løn mv. første 16 dagar. - Fjerning av samordning med lønsinntekt og ytingar for løn mv. ved svangerskap og fødsel mv. Jordbruksavtalen sine reglar om samordning av tilskotet og andre ytingar kan i nokre tilfelle bidra til å hindre at fleire ytingar gir dekning for det same inntektstapet. Arbeidsgruppa peiker på at sjølv om ein har lønsinntekter utanfor jordbruksføretaket, kan ein ha same kostnadar til avløysing som dei utan lønsinntekt. Dette heng saman med at inntekta ikkje alltid er representativ for «behovet» for tilskotet. Det er semje i gruppa om at behov eller gjeldsgrad mv. ikkje kan vere kriterium for sakshandsaminga av tilskotet, fordi det vil vere vanskeleg å vurdere i kvart enkelt tilfelle. Det kan i mange tilfelle vere praktisk om ektefelle, sambuar eller person med næringsinntekt frå bruket kan vere avløysar ved til dømes sjukdom hos jordbrukaren. Personar med nær tilknyting til jordbruksføretaket har ofte kompetanse til å raskt tre inn i drifta ved krisetilfelle. Spørsmålet her er om det skal bli gitt tilskot til slik avløysing. Det er problematisert å opne for å gi tilskot til å betale nokon ein har felles økonomi/økonomiske interesser med, samt om arbeid utført av slike personar, som ein følgje av økonomiske interesser i føretaket kan reknast som ein reell kostnad for føretaket. Det er eit omsyn at ein i høve likestilling ønsker ei fordeling av næringsinntekt som speglar innsatsen i jordbruksføretaket. Endring i reglane for kva personkrets som kan vere avløysar kan gi incentiv som strir med dette omsynet. Ei endring i personkrets kan også medføre større dokumentasjonskrav og det blir stilt spørsmål til kva verknad ei endring kan ha for avløysarlaga si plikt etter landbruksvikarordninga. Arbeidsgruppa meiner at graderinga av tilskotet slik den skjer i dag ved gradert sjukemelding er føremålstenleg og ikkje treng endringar. Arbeidsgruppa meiner at høgste maksimale dagsats ligg på om lag riktig nivå. Den burde eventuelt justerast opp i tråd med lønsutviklinga i samfunnet. Arbeidsgruppa merkar seg at avløysarlaga i si rapportering til Landbruksdirektoratet fakturerer om lag same pris for avløysing med landbruksvikar per dag som høgste dagsats. Dei fleste som søker om tilskotet i dag har eit produksjonsomfang som svarar til høgste maksimale dagsats. Det er derfor relativt liten grad av differensiering. Dette følger av at maksimal dagsats i tabell 9.3 krev relativt lite driftsomfang, og at dei med lite driftsomfang truleg i liten grad ser seg tent med å søke. Det kan tenkast at høgare driftsomfang krev meir arbeidshjelp, men det er peika på at det ikkje nødvendigvis er ei lineær auke i arbeidsmengd ved større produksjonsomfang. Arbeidsgruppa peiker på at differensieringa av tilskotet kan påverkast av endringar i samordninga og omvendt. Om ein ønsker å gjere endringar i samordninga og/eller differensieringa av satsane er det behov for å greie dette meir ut. Arbeidsgruppa har også sett på tidsavgrensingane i sjukdomsavløysingsordningane. Det har blitt løfta at utviklinga innanfor medisin og helsevitskap har ført til at ein kan kome tilbake i arbeid etter sjukdomsforløp som tidlegare førte til permanent redusert arbeidskapasitet. Arbeidsgruppa har vurdert ei generell utviding 7 av dei ulike tidsavgrensingane, eller innføring av eit høve for å dispensere. Ein dispensasjonsheimel vil på si side vere meir målretta mot særskilte grunnar for unntak frå hovudregelen, men føre til meir sakshandsaming og gi meir behov for utøving av skjønn. Det kan mellom anna vere krevjande for forvaltninga å avgjere søknader der prognosen for å bli frisk er usikker. Arbeidsgruppa har vurdert ei utviding av 365 dagars grensa ved eigen sjukdom med 6 og 12 månadar. Arbeidsgruppa har vurdert tidsavgrensing av tilskot ved svangerskap og fødsel. Arbeidsgruppa har vidare vurdert om det skal vere større høve for å gi samtidig tilskot til begge foreldre. Det er allereie dispensasjonsheimel som skal fange opp enkelttilfella der begge jobbar fulltid på garden. Det er også peika på at ordninga kan bli meir føreseieleg dersom ein opnar for at dispensasjonssøknader kan sendast og handsamast før fødsel i dei tilfella det er mogleg. Den siste tidsavgrensinga som er vurdert er tidsavgrensing ved sjuke barn. Arbeidsgruppa har ikkje konkludert om kor stor utviding som her kan vere aktuelt. Vurderingar av landbruksvikarordninga og tilgangen på avløysarar og landbruksvikarar Arbeidsgruppa har vurdert både ei generell endring av føremålet med landbruksvikarordninga og å implementere dyrevelferd i føremålet. Arbeidsgruppa har ikkje funne grunn til å gjere endringar i føremålet. Det er også oppfatninga til arbeidsgruppa at det å inkludere dyrevelferd i føremålet ikkje nødvendigvis vil gi nokon reell endring i ordninga. Dette fordi krav til dyrevelferd allereie er regulert gjennom både regelverket for landbruksvikarordninga og i Mattilsynet sitt regelverk. For velferdsordninga er det krav om at husdyrprodusentar skal prioriterast ved kriser. Hovudoppgåva til avløysarlaga gjennom landbruksvikarordninga er å ha tilstrekkeleg beredskap ved akutt sjukdom og kriser. Eit aspekt innanfor dette er at bønder skal vere trygge på å få hjelp dei første 14 dagane når dei er sjuke eller av annan årsak ikkje kan delta i drifta av føretaket. Etter dei fjorten dagane kan vedkomande be om avløysar frå det lokale avløysarlaget. Det er arbeidsgruppa si vurdering at avløysarlaga i hovudsak oppfyller plikta si ved førespurnad om arbeidshjelp. Det er avløysarlaga som best veit kva responstid dei har høve til å ha, mellom anna ut frå kor mange som treng slik hjelp i same periode. Arbeidsgruppa finn derfor at det ikkje kan settast absolutte krav til responstid. Arbeidsgruppa meiner det bør vurderast å gi bønder som ikkje får den landbruksvikarbistand som dei ønsker, betre mogelegheit til å melde frå om dette til statsforvaltar. Ved å etablere eit system for dette, vil statsforvaltar få eit betre oversyn over korleis ordninga fungerer. I vurderinga av tilgangen på avløysarar og landbruksvikarar har arbeidsgruppa sett på statistikk for bruk av avløysartilskotet til ferie og fritid og greia ut om lønsnivå innanfor jordbruksnæringa. Det er også vurdert kor mange timar avløysing ein potensielt kan få gjennom gjeldande utmålingsnivå på avløysartilskotet til ferie og fritid. Det er vidare ein stor del av avløysinga som skjer gjennom eigne barn, avløysarar frå avløysarlag og anna leigehjelp. Mange tiltak som kan betre tilgangen på avløysarar og landbruksvikarar ligg utanfor jordbruksavtalen sitt verkeområde. Det kan likevel vurderast verkemiddel for å legge til rette for meir kompetansehevande aktivitet for avløysarar og landbruksvikarar. Arbeidsgruppa ser mellom anna at auka spesialisering i dei ulike jordbruksproduksjonane gjer at kompetansekrava til avløysarane også i nokre høver aukar

Publisert

Eier

Landbruks- og matdepartementet

Utfører

Partsammensatt arbeidsgruppe

Språk

norsk