Studie
Skeiv rett Ei oversikt over utvalde delar av menneskerettsvernet til lhbti+-personar
Menneskerettane er universelle. Det innebe- rer at dei gjeld for kvar og ein. Lhbti+-perso- nar har, på lik linje med andre, rettar etter mellom anna Grunnlova og internasjonale menneskerettskonvensjonar. Blant desse er FNs konvensjon om sivile og politiske rettar (SP), FNs konvensjon om økonomiske og sosiale rettar (ØSK), og Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Desse konvensjonane er bygde på ålmenne men- neskerettslege prinsipp om likehandsaming og ikkje-diskriminering.