Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga
I Folkehelsemeldinga presenterer regjeringa den samla innsatsen for å fremje betre folkehelse og god livskvalitet i befolkninga. Meldinga er regjeringas strategi for å utjamne sosiale helseforskjellar. Folkehelsemeldinga har seks hovudinnsatsområde: dei samfunnsskapte vilkåra for god helse, levevanar og førebygging av ikkje-smittsame sjukdommar, psykisk helse og livskvalitet, vern mot helsetruslar og rett til eit sunt miljø, kommunikasjon og innbyggardialog og førebyggande arbeid i helse- og omsorgstenesta. Regjeringa vil gje auka prioritet til folkehelsepolitikken. For å lykkast med dei breie folkehelsetiltaka skal regjeringa forsterke innretninga i det systematiske folkehelsearbeidet.
Publisert
Eier
Helse- og omsorgsdepartementet (HOD)
Utgiver
Helse- og omsorgsdepartementet (HOD)
Språk
Norsk (nynorsk)