Statusrapport
Leve heile livet i eigen bustad i Ørsta kommune (2023)
Samandrag Gjennom prosjektet «Leve heile livet i eigen bustad» har Ørsta kommune ønska å bidra til at innbyggarane gjer kloke val og tilrettelegging av eigen busituasjon gjennom heile livsløpet. Endring i befolkningssamansetning dei neste åra vil gradvis gje ein stor auke i tal eldre over 67 år, og vil samtidig gje om lag tilsvarande færre innbyggarar i yrkesaktiv alder og mangel på arbeidskraft. For mange vil ein god og tilgjengeleg bustad i alle livsfasar minimere eller utsette behovet for omfattande hjelp frå ei stadig meir pressa kommunal omsorgsteneste. Berre rundt 20% av norske bustadar er definert som eigna eller tilgjengeleg for personar med nedsett funksjonsevne. Gjennom prosjektet har Ørsta kommune arbeidd målretta med informasjon til innbyggarar, med forankring og støtte frå lokal byggenæring, Husbanken, bankar, kommunale fagområde, politikk, lag og organisasjonar. Dette slik at vi saman skapar moglegheit for at innbyggarane kan gjere dei viktige og rette grepa for eigen busituasjon gjennom heile livsløpet.
Publisert
Eier
Husbanken
Utfører
Ørsta kommune
Språk
norsk