Kartlegging
Norsk medieøkonomi 2015–2019 Med utviklingstrekk frå koronapandemien i 2020
Rapporten viser kor store økonomiske ressursar medieverksemdene har for å produsere det redaksjonelle innhaldet som samla sett utgjer det norske mediemangfaldet. Rapporten tar for seg utviklinga både for fjoråret og i eit femårsperspektiv (2015 til 2019). Årets rapport gjer også greie for effekten koronapandemien har hatt på norske medium. Denne rapporten handlar om den økonomiske utviklinga i dei største mediekonserna som eig dei fleste større medieverksemdene i Noreg, i avishus som tar betalt for det redaksjonelle innhaldet, driftsøkonomien til gratisavisene, dei nasjonale tv- og radioverksemdene og lokalkringkastarane. Rapporten baserer seg på rekneskapstal frå dei ulike medieverksemdene. Berre gratisaviser som er organiserte som aksjeselskap, er med i rapporten. Gratisaviser som er organiserte på andre måtar, publiserer ikkje rekneskapane sine.
Publisert
Eier
Medietilsynet
Utfører
Medietilsynet
Språk
norsk
Tema
Kultur, idrett og frivillighet
Nøkkelord
Medieøkonomi
Virkemidler
forskning