Last ned som PDF

16 sider

0.72 MB

Forsiden av dokumentet Koronakrisa førte til stor auke i tapte årsverk i 2020

Studie

Koronakrisa førte til stor auke i tapte årsverk i 2020

I 2020 gjekk i underkant 789 000 årsverk tapt i produksjon av varer og tenester som følgje av helseutfordringar og arbeidsløyse. Langt dei fleste tapte årsverka er relatert til helseutfordringar, i overkant av 602 000 av årsverka gjekk tapt grunna dette, medan det gjekk tapt i underkant av 187 000 årsverk på grunn av arbeidsløyse. Til saman utgjorde dei tapte årsverka 21,9 prosent av folkemengda i alderen 16-67 år. Det utgjorde ein auke på 3,1 prosentpoeng, eller 115 000 årsverk, frå 2019. Auken skuldast den høge arbeidsløysa som følgde smitteverntiltaka som vart innført då koronakrisa ramma Noreg våren 2020. Tapte årsverk på grunn av arbeidsløyse meir enn dobla seg frå året før, auken var sterkast blant delvis arbeidslause. Veksten i helserelaterte tapte årsverk var langt meir beskjeden. 17 800 fleire helseårsverk gjekk tapt i 2020 samanlikna med 2019, ein auke på tre prosent. Blant norskfødde auka tapte årsverk på grunn av arbeidsløyse med 126 prosent frå 2019 til 2020, medan den tilsvarande auken blant innvandrarar var på 83 prosent. Sjølv om den relative auken var sterkast blant norskfødde, er nivået klart høgare blant innvandrarar, både blant kvinner og menn, og i alle aldersgrupper. Rekna i prosent av folkemengda svarte tapte årsverk på grunn av arbeidsløyse i 2020 til 3,9 prosent av folkemengda blant personar født i Noreg, og 9,4 prosent av folkemengda blant innvandrarar. Personar født i Noreg taper klart fleire helserelaterte årsverk enn innvandrarar. I 2020 utgjorde tapte helseårsverk 17,2 prosent av folkemengda født i Noreg og 14,6 prosent av folkemengda blant innvandrarar. Blant norskfødde er det ein langt høgare andel tapte helseårsverk blant personar under 50 år, medan det relativt sett er fleire tapte helseårsverk blant eldre innvandrarar. Nesten 1,83 millionar ulike personar bidrog til dei tapte årsverka i 2020. Det vil seia at det i gjennomsnitt stod 2,3 personar bak kvart tapte årsverk. Det er altså ikkje slik at det er dei same personane som er utafor arbeidslivet heile tida. Det er stor gjennomstrøyming i mange av ordningane som er med i estimatet, spesielt blant dei delvis ledige.

Publisert

Eier

NAV Arbeids- og velferdsetaten

Utfører

NAV Arbeids- og velferdsetaten

Forfattere

Jorunn Furuberg og Ola Thune

Språk

norsk

Tema

økonomi

Virkemidler

organisering

Analysekriterier

erfaringer