Last ned som PDF

15 sider

0.83 MB

Forsiden av dokumentet Rømt og vill fisk i Etneelva 2021

Kartlegging

Rømt og vill fisk i Etneelva 2021 Resultat frå den nasjonale forskningsplatforma i Etne

I 2021 vart fiskefella i Etneelva satt i drift 9. april og registreringa pågjekk til 18. november. Det var noko redusert fangseffektivitet i løpet av sesongen pga høg vassføring. I tilsaman 21 driftsdøgn (9% av driftstida) var fangsten i fella redusert pga mykje vatn. Dette er litt høgare enn tidlegare år, noko som kan skuldas vassføringsregimet eller slitasje på komponentar som skal redusera opninga mellom innfestnings-wire og flyterister. Noko reduksjon i fangsteffektivitet hadde vi også i 2020 (5%), 2019 (5%), 2018 (5%) og 2017 (6%). Fyrste villaks blei registrert i veke 16 og fyrste rømling i veke 23. I alt vart 3746 fiskar handtert på fella i 2021, mot 5093 i 2020 og 2693 i 2019. Av dei registrerte fiskane var 1825 villaks,1649 sjøaure, 168 forskingsfisk, 60 pukkellaks og 44 rømte laks. I 2021 vart 50% av villaksen registrert i veke 30, fire veker tidlegare enn rømlingane. Som tidlegare år dominerte storlaksen tidleg i oppvandringa medan terten dominerte i slutten av oppvandringsforløpet. Den rømte laksen kom fire veker seinare enn villaksen. For rømlingane registrert på fella varierte storleiken frå 0,7 kg til 8,0 kg. Vektfordelinga på oppdrettslaksen i fella var jevnt fordelt, men med ei overvekt av individ på 3,0 til 5,0 kg. Skjellkontrollen stadfesta oppdrettsbakgrunn til alle dei registrerte oppdrettslaksane. I tillegg vart ein fisk feilaktig klassifisera som villaks i fiskefella der skjellkontroll viste at det var ein oppdrettslaks. Av dei 44 registrerte rømlingane på fella, var 77% kjønnsmodne og 23% umodne. Gjennom uttaksfisket om hausten nedstraums fella i sone 1 og 2, vart det fanga 23 oppdrettslaksar. Av dei vart 4 (17%) klassifisert som modne, 16 (70%) vart klassifisert som umodne og 3 (13%) vart ikkje kjønnsbestemt. Frå sportsfisket blei det rapportert inn fire oppdrettslaksar nedstraums fella, og ingen oppstraums. Av dei fire rapporterte rømlingane nedstraums, vart ein bekrefta og to avkrefta ved skjellkontroll. Den siste var det ikkje skjellprøve på. På dei resterande skjellprøvane nedstraums fella, blei det oppdaga 2 oppdrettslaks, som var rapportert som villaks. Skjellprøvar oppstraums fella er ikkje analysert foreløpig. Av totalt 45 bekrefta rømlingar fanga i fiskefella fella, blei 98% effektivt fjerna og andelen rømlingar i gytebestanden vart redusert frå 2% til ≈ 0%. Rundt 10 personar var i større eller mindre grad engasjert på fella og Havforskingsinstituttet sitt budsjett for drifta var ca 4,7 mill kroner med tillegg på 0,5 mill kroner frå OURO.

Publisert

Eier

Havforskningsinstituttet

Utfører

Havforskningsinstituttet

Forfattere

Kaja Christine Andersen, Per Tommy Fjeldheim, William Aure Aannø, Kevin Glover og Øystein Skaala

Språk

norsk

Tema

Mat, fiske og landbruk