Last ned som PDF

42 sider

0.76 MB

Forsiden av dokumentet Utgiftene kommunane har til busetting og integrering av flyktningar og personar med opphald på humanitært grunnlag i 2021

Kartlegging

Utgiftene kommunane har til busetting og integrering av flyktningar og personar med opphald på humanitært grunnlag i 2021 Rapport frå Berekningsutvalet august 2022

Berekningsutvalet er eit partsamansett utval frå staten og kommunesektoren. Utvalet skal følgje med på om det er rimeleg samsvar mellom kommunane sine utgifter og dei statlege tilskota til formålet. Utvalet kartlegg kvart år kommunane sine utgifter til busetting og integrering av flyktningar og personar med opphald på humanitært grunnlag, og utgiftene til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Utgiftene vert sett opp mot integreringstilskotet, særskilt tilskot for einslege mindreårige og tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar (norsktilskotet). Rapporten er innspel til regjeringa sitt arbeid med statsbudsjettet. Kartlegginga av 2021 viser at kommunane i stor grad får dekka dei gjennomsnittlege utgiftene til busetting og integrering av flyktningar i dei fem åra kommunane mottek integreringstilskot. Kommunane får derimot i mindre grad dekka dei gjennomsnittlege utgiftene til opplæring i norsk og samfunnskunnskap i dei tre åra kommunane mottek norsktilskot. Eit hovudfunn i denne kartlegginga, som i alle tidlegare kartleggingar, er at det er store skilnader i utgiftsnivået mellom kommunane.

Publisert

Eier

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet

Språk

norsk

Tema

Kommuner og regioner økonomi likestilling, integrering og inludering