Evaluering
Det heng dårleg saman Landsomfattande tilsyn i 2017-2018 med kommunale tenester til personar med samtidig rusproblem og psykisk liding - oppsummeringsrapport
Statens helsetilsyn gjennomførte landsomfattande tilsyn med dette temaet i 2017 og 2018. Tilsynet skulle gjennomførast av alle fylkesmenn og omfatte både spesialisthelsetenester, kommunale helse- og omsorgstenester og sosiale tenester. Denne rapporten er ei oppsummering av tilsynet med kommunale tenester til vaksne personar med samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding. Fylkesmennene fant lovbrot i to tredelar av dei undersøkte kommunane. Nokre av funna var at tenesteytinga var tilfeldig og lite planlagd, og at tenestene var lite samordna. I mange kommunar blei ikkje situasjonen til brukarane undersøkt for å få eit heilskapleg bilete på kva utfordringar og ressursar dei hadde. Tenestene blei fleire stader i tillegg ytt lite planmessig. Det blei ikkje sett mål eller sett i verk tiltak, og tiltaka blei sjeldan evaluerte. Det vart også funne for liten merksemd mot den somatiske helsesituasjonen til brukarane og svikt når det gjeld hjelp med å mestre å bo.
Publisert
Eier
Statens helsetilsyn
Utfører
Statens helsetilsyn
Språk
norsk
Tema
Kommuner og regioner Helse og omsorg
Virkemidler
tilsyn tjenester
Analysekriterier
treffsikkerhet etterlevelse mulighetsrommet