Last ned som PDF

82 sider

6.64 MB

Forsiden av dokumentet Overvaking av radioaktivitet i omgivnadane 2021

Kartlegging

Overvaking av radioaktivitet i omgivnadane 2021 Resultat frå DSA sine RADNETT-, luftfilter-, og nedbørstasjonar og frå Sivilforsvaret si radiacmåleteneste

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) har ansvaret for eit landsdekkjande varslingsnettverk av 33 stasjonar som kontinuerleg måler stråling i omgivnadene. Nettverket blei etablert i åra etter Tsjernobylulykka i 1986 og blei oppgradert og modernisert i perioden 2006–2010. I 2021 var alle stasjonane operative. Formålet med målenettverket er å gi tidleg varsel i tilfelle eit ukjent radioaktivt utslepp rammar Noreg. Vidare vil målingane frå nettverket vere ein viktig del av vedtaksgrunnlaget til Kriseutvalget for atomberedskap i ein tidleg fase etter eit utslepp av radioaktive stoff til lufta. Rapporten omfatter beskrivelse og resultater fra Strålevernets RADNETT-, luftfilter-, og nedbørstasjoner og fra Sivilforsvarets målelag i 2021. Rapporten viser at konsentrasjonane av Cs-137 i luft ved dei tre luftfilterstasjonane i nord er lågare enn konsentrasjonane ved stasjonane som er plassert i sør. Dette skuldast at det generelt er meir att av nedfallet etter Tsjernobyl-ulykka i sør samanlikna med nord.

Publisert

Eier

Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet

Utfører

Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet

Forfattere

Bredo Møller, E. Améen, J. Drefvelin og T. Gäfvert

Språk

norsk

Tema

Klima og miljø

Nøkkelord

Overvåking Luftovervåking Radioaktivitet i omgivelsene Luftfilterstasjoner Målenettverk Radnett Nedbør Sivilforsvaret Målelag