Riksrevisjonsrapport
Riksrevisjonens undersøking av årsaker til at statlege verksemder ikkje etterlever regelverket for offentlege anskaffingar
Riksrevisjonen har i ei årrekkje rapportert i Dokument 1 om manglande etterleving av innkjøpsregelverket. Manglande etterleving av regelverket kan blant anna føre til ineffektiv ressursutnytting og lite gjennomsiktig bruk av statlege midlar. Formålet med undersøkinga er å analysere årsakene til at statlege verksemder ikkje følgjer regelverket for innkjøp. Det blir også undersøkt i kva grad leiinga i verksemdene og dei ansvarlege departementa passar på at regelverket blir følgt. I tillegg undersøkjer Riksrevisjonen korleis Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet følgjer opp det overordna ansvaret for innkjøpsregelverket.
Publisert
Eier
Riksrevisjonen
Språk
norsk (nynorsk)
Kilde
ISBN
978-82-8229-120-0