Studie
Auka verdiskaping i epleproduksjon og epleforedling i Hardanger. Høve til utvikling og utfordringar med omsyn til råvare og marknad
Dyrking av konsumeple har lang tradisjon i Hardanger. Etterspørsel etter industrieple (presseple) har auka mykje dei siste åra grunna stor lokal satsing på saft og sider. Merkevara Hardangersider krev at epla er dyrka i Hardanger, og produksjonen av presseple er for låg i år med svak avling. I prosjektet er det laga ei oversikt over areal og volum av eple og prognosar for produksjon fram i tid og samanlikna med prognosert behov. Prognosane for sal av eple til ulike marknader er 4 600 tonn eple til konsum og 4 000 tonn til industri i 2030. Det er ein vesentleg auke frå det som er produsert dei siste åra i regionen. Økonomien i fruktdyrking har vore god dei siste åra samanlikna med mange andre produksjonar i landbruket. Kalkylar laga i prosjektet viser at det er mest lønsamt å dyrke eple til konsum. Økonomien i siderproduksjonen varierer mellom produsentane. Kalkylar viser at det er mest lønsamt å selje sider direkte til forbrukar frå gard, men det er avgrensa volum ein får omsett, og meir arbeidskrevjande med gardssal. Prosess og dialog har vore ein viktig del av prosjektet. Det har vore arrangert 3 møte i samband med prosjektet. Representantar frå dei ulike eplenæringane deltok på møta, og motsetnadene mellom dei ulike eplenæringane kom tydeleg fram. Det var nyttig dialog mellom aktørane, og det var semje om at ein ny avtale mellom sidernæringa og fruktlagera var ønskeleg.
Publisert
Eier
NIBIO - Norsk institutt for bioøkonomi
Mottaker
Vestland fylkeskommune
Forfattere
Torbjørn Haukås, Håvard Rønningen Graarud og Synnøve Vonen Kvaal
Språk
norsk (bokmål)
Kilde
ISBN
9788217033240