Last ned som PDF

40 sider

3.11 MB

Forsiden av dokumentet Skjøtselsplan for slåttemark i Marka i Farsund : revidert skjøtselsplan for utvald naturtype

Strategi/plan

Skjøtselsplan for slåttemark i Marka i Farsund : revidert skjøtselsplan for utvald naturtype

Naturtypen artsrik slåttemark er sterkt truga ifølge «norsk rødliste for naturtyper», og var i 2011 utvald naturtype (UN) med eit visst vern gjennom naturmangfaldlova. I 2022 fekk NIBIO ved Ellen Svalheim førespurnad frå Farsund kommune om revidering av deler av skjøtselsplanen frå 2007 for eit område på 45 daa i Marka i Farsund. Slåttemarka ligg innanfor tidlegare Marka skyte og øvingsfelt og består av dei to eigedomane gbnr 29/29 og 29/25. Feltarbeid vart gjennomført i august 2022. Tidlegare er det gjort fleire registreringar av vegetasjonen innanfor skjøtselsplanområdet der slåttemarka er gitt verdi B-viktig (ID BN00037471). Ein liten flik av ei større kystlynghei i nord finst og innanfor området med tidlegare samla verdi A-svært viktig (ID 00070187). Denne skjøtselsplanen gir restaurerings- og skjøtselsplanråd for ivaretaking av dei kulturavhengige naturtypane. Skjøtselsplanen er utarbeid i samarbeid med grunneigarane Jan Helge Samuelsen og Terje Ersland som driv skjøtsel av slåttemarka.

Publisert

Eier

NIBIO - Norsk institutt for bioøkonomi

Mottaker

Farsund kommune

Forfattere

Elin Blütecher, Ellen Svalheim og Oddvar Pedersen

Språk

norsk (bokmål)

ISBN

9788217033264