Last ned som PDF

32 sider

3.59 MB

Forsiden av dokumentet Nye frøblandingar for meir stabil grovfôrproduksjon

Studie

Nye frøblandingar for meir stabil grovfôrproduksjon

Såvareverdikjeda i Norge er svært fragmentert samanlikna med land der same firma er ansvarleg for heile prosessen frå utvikling av ny sort til sal av frø. Dette forprosjektet har som mål å definera korleis ein gjennom meir forskningsbaserte frøblandingar og ferdig testa frøblandingar der bonden kan velja ut frå sine dyrkingsforhold og sin driftsmodell, kan auka avling og varighet av engvekstar. Dette inneber eit opplegg for frøfirma der desse forheld seg til felles kunnskap og retningslinjer for samansetjing av frøblandingar, men framleis er uavhengige som aktørar m.o.t. forretningsmessig drift. Ein vesentleg lengre vekstsesong tilseier behov for nye feltforsøk med oppdatert kunnskap om såmengde, såmåte, artar, sortar og frøblandingar tilpassa ulike driftsformer og klimatiske dyrkingsforhold i heile landet. Rapporten foreslår meir grunnleggjande forsøk utført av NIBIO og utprøving av frøblandingar i NLR-regi, eventuelt i samarbeid med vidaregåande skular med naturbrukslinjer. Forprosjektet er finansiert gjennom Forskingsmidlene for jordbruk og matindustri.

Publisert

Eier

NIBIO - Norsk institutt for bioøkonomi

Mottaker

Landbruksdirektoratet

Forfattere

Liv Østrem, Ragnhild Borchsenius og Sigridur Dalmannsdottir

Språk

norsk (bokmål)

ISBN

9788217028130