Last ned som PDF

42 sider

11.06 MB

Forsiden av dokumentet Norske plommer : Kartlegging av dyrkingsopplegg, verknad på avling og kvalitet, og økonomisk resultat

Kartlegging

Norske plommer : Kartlegging av dyrkingsopplegg, verknad på avling og kvalitet, og økonomisk resultat Kartlegging av dyrkingsopplegg, verknad på avling og kvalitet, og økonomisk resultat

Plommearealet i Norge har auka mykje dei siste 20 åra, men det er stor variasjon når det gjeld avling og økonomi blant produsentane. Ved bruk av registreringar frå fleire plommeprodusentar, har ein kartlagt faktorar som kan forklare årsaker til variasjon blant produsentane . Resultata frå to registreringsår viser at sorten Reeves gav høgast avling, medan Edda gav oppnådde høgast pris. Ser ein på marknadsinntekt per dekar (avling per dekar*pris) kjem Mallard best ut. Tek ein omsyn til arbeids- og maskinkostnader vil derimot Excalibur vere den sorten som gjer best resultat. Avling er viktig for det økonomiske resultatet, men mange arbeidstimar kan påverke resultatet negativt. Bruk av vatning og bier ser ut til å påverke avlingsresultata positivt, medan tal behandlingar med gjødsel og plantevern ser ut til å ha mindre effekt. Produsentar med gode avlingsresultat jobbar med fruktdyrking på heiltid, har lang erfaring og innhentar ny kunnskap frå ulike kjelder. Gode produsentar jobbar strukturert og utfører arbeidsoppgåvene til rett tid.

Publisert

Eier

NIBIO - Norsk institutt for bioøkonomi

Forfattere

Torbjørn Haukås, Marius Berger og Mekjell Meland

Språk

norsk (bokmål)

ISBN

9788217028161