Last ned som PDF

20 sider

1.09 MB

Forsiden av dokumentet Economy of forage-based cattle beef and milk production

Studie

Economy of forage-based cattle beef and milk production

For nokre av driftsystema vi granska i SusCatt-prosjektet undersøkte vi nærmare korleis ein overgang til meir grovfôrbasert fôring kan ha å seie for lønnsemda. Fem SusCatt-system blei vurdert, inkludert arbeidet i Sverige der en samanlikna effekt av rase og fôrstyrke på storfekjøttproduksjon av både oksar og kastratar frå mjølkekyr, og i Storbritannia med rein grovfôrbasert storfekjøttproduksjon frå ammekyr. I mjølkeproduksjonen, blei effekt av kraftfôrnivå på lønnsemd studert ved bruk av husdyrkontrolldata i Noreg og for italienske gardar effekten av å redusere mengde maissurfôr i rasjonen. For storfekjøttproduksjonen i Sverige blei resultat frå forsøka, der ein samanlikna rase (kjøttfe eller mjølkekurase) og fôrstyrke, brukt til å modellere 24 scenarier; 12 kvar for oksar og kastratar. Det var liten forskjell mellom dei tre svenske regionane som ble vurdert. Oksar gav høgare inntekter enn kastratar, sjølv om beiting med kastratar ga større subsidiar. Interessant for oksar var at bruken av sæd frå kjøttfe (Angus) hadde større effekt på lønnsemda enn fôringsstyrken. Men for kastratar var denne effekten langt mindre, bruken av Charolais-sæd har liten betydning samanlikna med det å få større slakt ved å fôre 7 månader ekstra for å slakte ved 28 månaders alder. Lønnsemda var god for dei britiske sertifiserte beitebaserte storfekjøttbruka samanlikna med nasjonale gjennomsnitt av meir konvensjonell storfekjøttsystem. Fråvær av fôrkjøp på dei beitebaserte gardane gav langt lågare kostnader til innsatsfaktorar, og saman med høgare totalinntekter var marginane per ammeku høgare enn dei 'beste' (topp 25%) gardane. Data frå mjølkegardar i Midt-Noreg over tre år blei brukt til å vurdere samanhengen mellom lønnsemd og kraftfôrbruk, etter rangering av bruka etter kraftfôrbruk per årsku og fordeling på tre like store grupper. Distriktstilskotsnivået var lik i gruppene, men gardane med lågt kraftfôrnivå (med større mengd grovfôr i rasjonen) fekk større areal- og husdyrtilskot per kg mjølk produsert. Dei totale driftskostnadene var like i gruppene, slik at den høgare mjølkeprisen oppnådd på gardar i den låge gruppa, saman med høgare tilskot, gav betre lønsemd per liter seld mjølk. I Italia blei økonomisk lønnsemd for intensive mjølkeprodusentar med rasjonar dominert av maisensilasje og korn samanlikna med alternative produksjonssystem som bruker grassurfôr eller høy. Forskjellane var små, mjølkeavdråtten var høg, spesielt på bruk der mais blei bruka som fôr. Men buskaper med alternativ fôring oppnådde høgare mjølkepris, og til tross for høgare fôrkostnader var marginane per liter noko høgare med desse meir berekraftige fôringssystema. I SusCatt-søknaden, antok vi at det å gå frå intensiv fôring mot ei fôring med mindre bruk av eteleg mat som fôr og bruke meir grovfôr og beite i fôring av storfe, ville gje betre lønsemd. Vi er nå i stand til å presentere resultat som langt på veg stadfester dette.

Publisert

Eier

Norges forskningsråd

Utfører

NIBIO - Norsk institutt for bioøkonomi

Forfattere

Håvard Steinshamn, Kristina Holmström, Giorgia Riuzzi, Anna Hessle, Elisabet Nadeau, Finn Walland, Flaviana Gottardo og Gillian Butler

Språk

norsk (bokmål)

ISBN

9788217028109