Statusrapport
Økonomi i økologisk fruktdyrking
I dette prosjektet i oppdrag frå Landbruksdirektorat er det gjort registreringar på økologiske eple- og plommefelt med tanke på å vurdere økonomi i økologisk fruktproduksjon. Det er føreteke avlingsregistreringar, kvalitetsvurdering av frukta, registrert pris til produsent samt kartlagt arbeidskostnader og traktorkostnader. Det er stor variasjon i dei økonomiske resultata frå ulike felt. Det er avlingsvariasjon som er hovudårsaka til skilnadene. Registreringsåra 2018 og 2019 har vore to gode avlingsår for frukt. Dette er ei av årsakene til at resultata er mykje betre enn ei liknande undersøking blant økologiske fruktprodusentar i 2015 og 2016. Resultatmålet som er nytta for økonomi i felta, er fruktinntekter pluss tilskot minus kalkulerte arbeids- og traktorkostnader. Dette skal dette variable og andre faste kostnader pluss renter på innsett kapital. Resultata for dei økologiske plommefelta er gode for begge åra. Sjølv om avlingane vart dobla frå 2018 til 2019, auka resultatet i middel per dekar berre frå kr 18 000 til kr 24 600. Årsaka var stor auke i arbeidskostnader og langt lågare prisar til produsent. Overproduksjon av seine plommer i 2019 råka dei økologiske produsentane ved at dei ikkje oppnådde meirpris i marknaden. Berre 10 prosent av økologiske plommer levert lager vart omsette som økologiske i 2019. Prisnivået på plommer var i tillegg lågt i 2019. For eple er det større variasjon enn for plommer. I 2018 var det det i middel godt resultat for dei økologiske epleprodusentane. Dei oppnådde i middel kr 25 100 per dekar. I 2019 fall avlingsnivået på eple, og resultatet vart nesten halver til kr 13 000 per dekar. Resultata er langt betre enn det som vart oppnådd i 2015 og 2016. Meirpris for økologiske eple låg mellom 30 og 45 prosent dei to åra samanlikna med gjennomsnittspris frå driftsgranskingane og frå tre fruktlager. Produsentane etterlyser fleire eigna plantevernmiddel og større innsats for å marknadsføre økologisk frukt i omsetningsledda. Volumet av økologisk frukt er framleis lågt, og det medfører utfordringar i omsetninga.
Publisert
Eier
Landbruksdirektoratet
Utfører
NIBIO - Norsk institutt for bioøkonomi
Forfattere
Torbjørn Haukås og Ingrid Martine Romsaas
Språk
norsk (bokmål)
Kilde
ISBN
9788217026051