Kunnskapsoppsummering
Islandsk jordbruk og jordbrukspolitikk
Island er ei øy i Nord-atlanteren med eit langt lågare folketal og eit langt mindre omfattande jordbruk enn det Noreg har, noko som mellom annan skuldast at Island har eit ganske barskt klima og med lite dyrka og dyrkbar jord. Husdyrhald med mjølk og kjøt (storfe, sau/lam) er ein svært viktig del av jordbruket på Island. Island er som Noreg ikkje medlem av Den europiske union (EU) og dermed har sin eigen nasjonale jordbrukspolitikk. På same måte som Noreg har Island hatt ein ambisiøs jordbrukspolitikk i heile etterkrigstida med stor vekt på å sikra inntektene til bøndene gjennom effektiv skjerming av den innanlandske marknaden mot billegare importvarer, og islandske bønder har også motteke betydeleg støtte over statsbudsjettet i form av ulike tilskotsordningar
Publisert
Eier
NIBIO - Norsk institutt for bioøkonomi
Forfatter
Sjur Spildo Prestegard
Språk
norsk (bokmål)
Kilde
ISBN
9788217024712