Last ned som PDF

5 sider

0.11 MB

Forsiden av dokumentet Sterke hovud og sterke hjarte - Thailandske kvinner på sex-markedet i Oslo

Vedlegg

Studie

Sterke hovud og sterke hjarte - Thailandske kvinner på sex-markedet i Oslo

Formålet med dette prosjektet har vore å framskaffe kunnskap om livssituasjonen til thailandske kvinner som operer på sexmarknaden i Norge, med særleg vekt på aspekt knytta til vald, tvang og utbytting. Feltarbeid vart gjennomført blant kvinner som sel seksuelle tenester i Oslo, men då det tidleg vart klart at ein ikkje kunne forstå situasjonen til desse kvinnene utan innsikt i dei meir generelle vilkåra for liva deira her, vart kvinner utanfor prostitusjonsarenaen også inkludert. I dette prosjektet har det ikkje framkome tydelege teikn på menneskehandel blant thailandske kvinner i Oslo. I den delen av marknaden som dette prosjektet har gitt innsyn i, har kvinnene vore der etter eige samtykke. Tenestene har vore organiserte av kvinnene sjølve, aleine eller i fellesskap. Ingen av informantane hadde gått beinveges ut på prostitusjonsmarknaden etter at dei kom hit. Tidsrommet frå innreisa i Norge, til inntoget på prostitusjonsmarknaden, dreier seg i mange tilfelle om fleire år. I dette mellomrommet ligg der eit stort forebyggingspotensiale. Dersom ein skal betre desse kvinnenes situasjon, og dempe presset mot utnytting av ei sårbar stilling, er tiltak som kan leggje til rette for ei fullverdig deltaking i norsk arbeids- og samfunnsliv, viktigare enn jakta på einskilde bakmenn.

Publisert

Eier

Justis- og beredskapsdepartementet

Forfatter

Ellen Kristvik

Språk

norsk

ISBN

8299709407