Studie
Måling av NO, NO2, PM2,5 og PM10 i vegtunnelar Alternative tiltak mot svevestøv i Rogfast
Formålet med denne rapporten er å gje eit sikkert grunnlag for planlegging av ventilasjonsanlegg i lange tunnelar. Målingar i fleire tunnelar i 2016 viser at konsentrasjonen av NO2 har endra seg lite dei ti siste åra. Dei viktigaste årsakene er overgang frå bensin til dieseldrift for personbilar og redusert NOx-utslepp frå tunge køyretøy. Strengare utsleppskrav for nye bilar vil gje ein gradvis reduksjon av NO2-utslepp i åra framover. Vi reknar med at innan 2025 vil svevestøv bli den største utfordringa for ventilasjon av lange tunnelar. Registrering av PM2.5 og PM10 viser at vegstøv frå asfaltslitasje er den dominerende kjelda til svevestøv. Nye tiltak må vurderast for å redusere produksjon og resirkulering av sand og støv i tunnelar.
Publisert
Eier
Statens vegvesen
Forfatter
Gunnar Lotsberg
Språk
norsk (nynorsk)