Proposisjon til Stortinget
Prop. 8 L (2025–2026) Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (oppfølging av tiltak i forslaget til statsbudsjett for 2026 m.m.)
Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om lovendringar som følger opp tiltak i forslaget til statsbudsjett for 2026. Det blir foreslått endringar i folketrygdlova kapittel 12 for blant anna å gjere det meir lønsamt å kombinere arbeid og uføretrygd. Vidare blir det foreslått å endre sosialtenestelova § 18 slik at kommunane kan ta omsyn til barnetrygd ved vurderinga av søknader om økonomisk stønad. Forslaget til endringar i lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. og lov om pensjonsordning for sykepleiere inneber at aldersgrensa på 70 år, som gjeld for alle medlemmane i apotekpensjonslova og for overordna sjukepleiarar i sjukepleiarpensjonslova, blir heva til 72 år. Dette er ei harmonisering til kva som er den normale aldersgrensa i arbeidslivet, jf. at den alminnelege aldersgrensa i staten blir heva frå 70 til 72 år frå 1. januar 2026. Det blir vidare foreslått endringar i dagpengeregelverket, om ein ny heimel for å gi forskrifter om innhaldet i meldeplikta, og ei presisering av reglane om dagpengar til tidlegare vernepliktige. I tillegg blir det foreslått endringar som inneber rettingar, presiseringar og endringar av teknisk karakter.
Publisert
Eier
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Utgiver
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Språk
nn-NO
Kilde
Ressurser
Tema
Pensjon, trygd og sosiale tjenester Arbeidsmarked og sysselsetting